Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Øv på leddsetningar om tid, nivå 3

Øv deg på å skrive leddsetningar med to verbal og setningsadverbial.

Dette er ein del av ein læringssti

Dette er det siste steget i ein læringssti. For å komme til det første steget må du gå til fagartikkelen "Leddsetningar om tid, nivå 1".

Oppgåve 1. Kva er feil?

Sit i par. Les spørsmålet på kortet og diskuter kva som kan vere rett svar. Snu kortet for å lese fasiten.

Oppgåve 2. Skriv setningane i perfektum

I leddsetningane under står verbalet i presens eller preteritum. Skriv om slik at verbalet står i presens perfektum med hjelpeverbet "å ha".

Døme

Det står:

  • Når eg ikkje går til skulen, køyrer pappa meg.

Du skal skrive:

  • Når eg ikkje har gått til skulen, køyrer pappa meg.

Trykk på hintknappen viss du treng hjelp til å finne rett perfektum-form av verbet.

Hugs punktum!

Oppgåve 3. Plasser setningsadverbialet

Skriv leddsetninga med setningsadverbialet på rett stad.

Døme

Det står:

ikkje

  • Når eg har trena, blir eg sur.

Du skriv:

  • Når eg ikkje har trena, blir eg sur.

Oppgåve 4. Skriv om deg sjølv

  1. Skriv ein tekst om deg sjølv. Teksten skal ha flest mogleg leddsetningar som startar med subjunksjonane før, etter at, då, når og mens.

  2. Byt tekst med ein annan elev. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å lage rette leddsetningar. Spør læraren viss de er i tvil.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.05.2025