Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Øv på leddsetningar om årsak nivå 2

Bli god til å skrive lengre leddsetningar med fordi, sidan og ettersom.

Oppgåve 1. Leddsetningar med to verb

Sit i par. Under biletet ser de ei leddsetning med eit verb. Gjer leddsetninga om slik at ho får to verb.

Oppgåve 2. Lag leddsetningar med to verb

Set orda i rett rekkefølge inn i leddsetninga.

Oppgåve 3. Finn setningsadverbialet

Eit setningsadverbial eller innhaldet i setninga. I leddsetningane under finn du eit setningsadverbial i kvar setning. Trykk på setningsadverbialet. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter subjektet i leddsetningar.

Oppgåve 3 som tekst

Kva er setningsadverbialet i leddsetningane under?

  1. Eg kjem i morgon fordi pappa heldigvis har fått fri frå jobben. (Leddsetninga er fordi pappa heldigvis har fått fri frå jobben.)

  2. Sidan vi ikkje kunne reise på ferie, drog vi på stranda heime. (Leddsetninga er Sidan vi ikkje kunne reise på ferie.)

  3. Vi må øve oss ettersom prøven dessverre skal vere vanskeleg. (Leddsetninga er ettersom prøven dessverre skal vere vanskeleg.)

  4. Sidan vi ofte vil besøke bestemor i Tyrkia, sparer vi pengar til billettane. (Leddsetninga er Sidan vi ofte vil besøke bestemor i Tyrkia.)

  5. Eg ber henne til middag sidan ho sikkert vil komme på besøk. (Leddsetninga er sidan ho sikkert vil komme på besøk.)

Fasit

  1. Heldigvis er setningsadverbial.

  2. Ikkje er setningsadverbial.

  3. Dessverre er setningsadverbial.

  4. Ofte er setningsadverbial

  5. Sikkert er setningsadverbial.

Oppgåve 4. Set inn setningsadverbial i setningane

Sit i par. Set inn setningsadverbialet over på rett stad i leddsetninga. Snu kortet for å sjekke om de har gjort det rett.

Oppgåve 5. Skriv orda i rett rekkefølge

Set orda inn i rett rekkefølge i leddsetninga.

Oppgåve 6. Skriv i par

Sit i par. Skriv kvar dykkar setning som

  1. har ei leddsetning med subjunksjonen fordi, sidan eller ettersom.

  2. har eit setningsadverbial (til dømes ikkje, aldri, alltid, faktisk, ofte)

Byt setningar og gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å lage rette setningar. Hald fram slik til de har skrive fem setningar kvar. Be læraren sjå over viss de er i tvil om nokon av setningane er rette.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.05.2025