Leddsetningar om tid, nivå 3
Dette er ein del av ein læringssti. For å komme til første trinn må du gå til fagartikkelen "Leddsetningar om tid, nivå 1".
Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:
- Leddsetning
- Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå åleine, til dømes fordi vi er sjuke. Vi kjenner igjen leddsetningar ved at dei startar med ein subjunksjon: at, når, fordi, då ...
- Subjunksjon
- Subjunksjonar er småord som innleier leddsetningar. Døme på subjunksjonar er: fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.
- Subjekt
- Eit subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Muhammed drikk vatn er "Muhammed" subjekt.
- Verbal
- Eit verbal er setningsleddet som fortel kva som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Muhammed drikk vatn er "drikk" verbalet.
- Objekt
- Eit objekt i ei setning er den eller det handlinga er retta mot. I setninga Muhammed drikk vatn er "vatn" objektet.
- Adverbial
- Eit adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stua), eller korleis noko skjer (Ho spring fort).
- Setningsadverbial
- Eit setningsadverbial er eit setningsledd som er viktig for innhaldet i setninga. Det forandrar betydninga: Ikkje, sjølvsagt og ofte er døme på setningsadverbial.
- Hjelpeverb
- Eit hjelpeverb er eit verb som står saman med det som er hovudverbet i setninga. I setninga Eg skal gå no er hjelpeverbet "skal", mens hovudverbet er "gå".
- Hovudverb
- Eit hovudverb er eit verb som kan danne verbal åleine – i motsetning til eit hjelpeverb, som står saman med eit hovudverb. Døme: I setninga Eg vil hjelpe er "vil" hjelpeverbet og "hjelpe" hovudverbet.
Enkle leddsetningar
Viss du har lese fagartikkelen "Leddsetningar om tid nivå 2" og gjort oppgåva som høyrer til, veit du at setningsledda subjekt , verbal , objekt og adverbial har faste plassar i leddsetninga, slik som dette:
Ho kjøpte sko då ho fekk pengar av meg. (I leddsetninga då ho fekk pengar av meg er "ho" subjekt, "fekk" verbal, "pengar" objekt og "av meg" adverbial.)
No skal du lære deg korleis du lagar leddsetningar om tid med
to verbal
setningsadverbial
1. Leddsetning med to verbal
Viss leddsetninga har eit hjelpeverb, skal hjelpeverbet stå framfor hovudverbet:
Ho kjøpte sko då ho hadde fått pengar av meg. (I leddsetninga då ho hadde fått pengar av meg er "ho" subjekt, "hadde" hjelpeverb og "fått" hovudverb.)
Ho smiler når ho får sjå barnet i hagen. (I leddsetninga når ho får sjå barnet i hagen er "ho" subjekt, "får" hjelpeverb og "sjå" hovudverb.)
2. Leddsetning med setningsadverbial
Viss setninga har eit setningsadverbial, skal det stå etter subjektet:
Ho kjøpte sko då ho endeleg hadde fått pengar av meg. (I leddsetninga då ho endeleg hadde fått pengar av meg er "ho" subjekt og "endeleg" setningsadverbial.)
Ho smiler når ho òg får sjå barnet i hagen. (I leddsetninga når ho også får sjå barnet i hagen er "ho" subjekt og "også" setningsadverbial.)
Gå vidare for å øve deg på å lage leddsetningar med to verbal og setningsadverbial.
Relatert innhald
Øv deg på å lage leddsetningar om tid med setningsadverbial og to verb.