Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Idémyldring og tankekart til fagartikkelen

Start på ein fagartikkel om ungdom og press ved å ha ei idémyldring og lage eit tankekart før du skriv.

Oppgåva

Dette er oppgåva de skal svare på:

I aviser og på tv har det vore mykje snakk om psykisk helse hos ungdom. Mange unge føler at dei må ha ein fin kropp, gode karakterar, dyre klede og sjå perfekte ut på sosiale medium, noko som fører til press og stress.

om det er for mykje press på ungdom i dag.

Del 1: Sjå ein debatt om ungdom og psykisk helse

Til læraren

Denne oppgåva kan elevane gjerne gjere heime. Då kan dei sjølv stoppe avspelinga når dei treng det. Fortel elevane at det er greitt om dei ikkje skjønner alle orda som blir sagde i løpet av Debatten, men hovudpoenga.

Sjå NRK sitt program Debatten som handlar om ungdom og psykisk helse.

I denne debatten kjem det fram både for og mot at ungdom opplever for mykje stress og press. Lag ein tabell som liknar den under og skriv ned argument mens du ser programmet.

Notat frå debatten

Argument FOR at det er for mykje press på ungdom

Argument MOT at det er for mykje press på ungdom

Del 2: Idémyldring og tankekart

De skal starte med ei idémyldring. Ordet "myldring" betyr at mange ting skjer samtidig. I skulearbeid betyr ordet " idémyldring" å komme raskt opp med mange idéar utan å tenke på om dei er riktige eller perfekte. Det handlar om å få fram flest mogleg tankar på kort tid.

Jobb åleine

Skriv ned alle tankane du får til spørsmålet "Er det for mykje press på ungdom i dag?" Det kan vere lurt å skrive ned

  • argumenter for at det er for mykje press på ungdom

  • argumenter mot at det er for mykje press på ungdom

Du kan godt skrive alle idéane dine inn i eit , slik du ser eit døme på under. Det er eit tankekart om søvn.

Tankekartet som tekst

  • Betydninga av søvn

    • Fysisk helse

    • Mental helse

    • Immunforsvar

    • Energinivå

  • Søvnsyklus

    • REM-søvn

    • Ikkje-REM-søvn

    • Søvnfasar (lett søvn, djup søvn)

  • Søvnhygiene

    • Rutinar før sengetid

    • Søvnvennleg miljø

    • Skjermtid

    • Mat og drikke

  • Søvnproblem

    • Søvnapne

    • Insomni

    • Mareritt

  • Tips for god søvn

    • Regelmessige søvntider

    • Trening er positivt

    • Unngå koffein

  • Forsking på søvn

    • Ny teknologi

    • Effekt på læring

    • Forsking på draumar

Jobb i grupper

Gå saman i grupper og fortel kvarandre kva for argument de har skrive ned på tankekartet dykkar. Viss andre kjem med noko nytt, skriv det ned i tankekartet ditt.

Diskuter i klassen

Lag eit felles tankekart på tavla der alle gruppene kjem med innspel. Hald fram med å skrive ned nye argument i ditt eige tankekart. Hugs å skrive ned argument både for og mot at det er for mykje press på ungdom. Du kan gjerne markere argument for og mot med ulike fargar.

Kvifor skal du gjere dette?

Etter å ha gjort denne oppgåva, skal du ha mange ulike argument både for og mot at det er for mykje press på ungdom. Å gjere eit slikt arbeid før du begynner med teksten din, gjer det mykje lettare for deg å skrive sjølve fagartikkelen.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 12.06.2025