Kva er ein fagartikkel?

Kva er ein fagartikkel?
Fagartikkelen er den vanlegaste sjangeren du møter når du skal skrive tekstar i skulen, både i norsk og i andre fag. Når du skriv ein fagartikkel, skal du utforske eit tema.

I ein fagartikkel viser du at du kan tenke kritisk og reflektere over ulike sider ved temaet. Teksten har ei innleiing, ein hovuddel med fleire avsnitt og ei avslutning.
Språket i fagartikkelen
Språket skal vere nøytralt, utan for mange personlege meiningar. Målet er å informere lesaren, ikkje å overtyde eller underhalde. Ein god fagartikkel grunngir med kunnskap, ikkje kjensler.
Bruk kjelder
Ein god måte å grunngi meiningane dine på er å bruke kjelder. Når du viser til fakta frå gode kjelder, blir det du skriv, meir truverdig enn om du berre skriv: "Eg trur at ...".
Hugs at kjeldene du bruker, må vere til å stole på. Du må altså vere kritisk og velje kjelder som gir rett og sann informasjon.
Gå vidare i læringsstien for å lese eit døme på ein god fagartikkel.