Frå lyd til tekst – nivå 1

Del 1: Øv på punktum og stor bokstav
I denne oppgåva er målet at du skal setje punktum på rett stad og bruke stor bokstav i starten av setningane.
Følg desse tipsa:
Bruk punktum mellom heilsetningane. Heilsetningar er setningar som kan stå åleine og gi meining.
Hugs at alle nye setningar skal ha stor bokstav først.
Trykk på lydikonet og skriv det du høyrer. Orda står over boksen du skal skrive inn i, men det er ingen punktum eller store bokstavar.
A.
B.
C.
D.
E.
Del 2: Staving og teiknsetjing
Er du klar for å gjere litt vanskelegare oppgåver? No skal du gjere det same som i del 1, men du får ikkje lenger sjå orda du skal skrive. Du skal altså både lytte, stave orda rett og setje inn punktum og stor bokstav på rett stad. Lykke til!
Du kan lytte til setningane fleire gonger.
A.
B.
C.
D.
E.
Del 3: Finn subjekt og verbal
Under ser du setningane du nettopp har skrive inn i oppgåvene over. No skal du øve på å finne subjekt og verbal i setningane.
Oppgåve
Marker subjektet og verbalet i alle setningane. Hugs at det er to setningar på kvar linje.
I kveld skal vi på kino. Etterpå skal vi på restaurant.
I går var det kaldt. Derfor blei vi inne.
Eg kjøpte ei bukse. I tillegg kjøpte eg sko.
Vi gjekk til parken. Der var vi lenge.
Guten gjekk heim. Heime åt han middag.
Han har eit sår. Det er fordi han fall på sykkelen.
Den gamle dama er snill. Ho lærer meg å lage mat.
I dag er ho trøytt. Derfor klarer ho ikkje å lese.
Eg elskar eple. Dei er så søte.
Jenta skriv på datamaskina. Etterpå skal ho ete.
Del 4: Finn setningskoplarane

Les dei to setningane under. Kva er forskjellen på dei?
Ho et. Ho går heim.
Ho et. Etterpå går ho heim.
Svaret er at den første setninga ikkje har ein setningskoplar. Den andre setninga har setningskoplaren "Etterpå". Setningskoplarar er ord eller frasar som bind setningar saman. Det er som om du syr setningane saman viss du lærer deg å bruke setningskoplarar.
Lær deg å bruke setningskoplarar, sidan det gjer språket ditt lettare å lese. Dessutan skaper det flyt i språket ditt.
Oppgåve
Finn setningskoplarane i setningane over. Du finn dei ofte like etter punktumet i den andre setninga på linja, men dei kan òg vere lengre bak i setninga.
Samanlikn med det ein medelev har funne ut. Fann de dei same?
Del 5: Forklar V2-regelen
Sjå filmen Norsk – eit V2-språk (lengde 2:43).
Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0Forklar kvarandre i par kvifor norsk er eit V2-språk ved å bruke døme frå setningane.
Del 6: Lag eigne setningar
Sit i par.
Begge lagar ei kort og enkel setning. Hugs at setninga må ha subjekt, verbal og punktum.
Byt ark eller pc. Hald fram på setninga med å følge desse reglane:
Prøv å bruke ein setningskoplar i starten av setninga.
Hugs verbalet på andreplass (V2-regelen).
Hugs at alle setningar må ha både subjekt og verbal.
Byt tilbake og diskuter om de har laga riktige setningar.
Prøv å gjere setninga betre viss de meiner noko er gale.
Spør læraren om råd viss de lurer på om setninga er riktig eller på andre måtar kan bli betre.
Hald fram til de har skrive fem setningar saman.
Vil du øve deg på å lage heilsetningar som du bind saman med konjunksjonar som og, men, eller og for? Gå vidare og lytt og skriv i oppgåva "Frå lyd til tekst nivå 2".