Øv deg på enkle heilsetningar
Oppgåve 1. Heilsetning eller ikkje?
Del A: Diskuter setningar
Sit i par. Les setningane på kortet høgt for kvarandre. Diskuter om setninga er ei heilsetning eller ikkje. Grunngi ved å fortelje om de kan finne både subjekt og verbal i setninga.
Del B: Lag riktige setningar
Jobb i par. I del A var det fire setningar som ikkje var heile. Prøv å fikse setningane slik at dei blir riktige heilsetningar med både subjekt og verbal:
Ein snill hund
I dag et på restaurant
Er veldig kaldt
Ein liten gut blomen fin
Del C: Samanlikn setningane
Set dykk saman med eit anna par. Samanlikn setningane de har laga og diskuter om dei er gode heilsetningar.
Les "løysinga" under. Hugs at setningane dykkar kan vere riktige, sjølv om dei ikkje er heilt like setningane i løysinga. Spør læraren om de er i tvil.
Oppgåve 2. Lag heilsetningar sjølv
Lag ei heilsetning med subjekt og verbal. Du skal velje riktige ord som beskriv biletet.
Hugs stor bokstav og punktum!
Gå vidare i læringsstien for å lese om korleis du kan lage lengre setningar.
Relatert innhald
Lær å lage enkle heilsetningar med lappemetoden.