Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald
Video

Frå lyd til tekst – nivå 1

Kan lytting gjere deg til ein betre skrivar? I denne lytteøvinga skal du trene på å stave og setje teikn på rett stad.

Til læraren

Målet med oppgåva er å øve på teiknsetjing og fullstendige setningar.

Elevane kan ha andre reglar for teiknsetjing i førstespråket sitt og derfor ha problem med å bruke punktum og stor bokstav rett i norsk. I ein del språk er det ikkje eit krav for å lage fullstendige setningar. Derfor skal elevane her øve på laga setningar med subjekt og verbal.

Målet er òg at elevane skal få eit metaspråk om setningsbygging. Dei skal bruke omgrep som subjekt, verbal, V2-regelen og setningskopling.

Del 1: Øv på punktum og stor bokstav

I denne oppgåva er målet at du skal setje punktum på rett stad og bruke stor bokstav i starten av setningane.

Følg desse tipsa:

  1. Bruk punktum mellom heilsetningane. Heilsetningar er setningar som kan stå åleine og gi meining.

  2. Hugs at alle nye setningar skal ha stor bokstav først.

Trykk på og skriv det du høyrer. Orda står over boksen du skal skrive inn i, men det er ingen punktum eller store bokstavar.

A.

B.

C.

D.

E.

Del 2: Staving og teiknsetjing

Er du klar for å gjere litt vanskelegare oppgåver? No skal du gjere det same som i del 1, men du får ikkje lenger sjå orda du skal skrive. Du skal altså både lytte, orda rett og setje inn punktum og stor bokstav på rett stad. Lykke til!

Du kan lytte til setningane fleire gonger.

A.

B.

C.

D.

E.

Del 3: Finn subjekt og verbal

Under ser du setningane du nettopp har skrive inn i oppgåvene over. No skal du øve på å finne subjekt og verbal i setningane.

Oppgåve

Marker og i alle setningane. Hugs at det er to setningar på kvar linje.

  1. I kveld skal vi på kino. Etterpå skal vi på restaurant.

  2. I går var det kaldt. Derfor blei vi inne.

  3. Eg kjøpte ei bukse. I tillegg kjøpte eg sko.

  4. Vi gjekk til parken. Der var vi lenge.

  5. Guten gjekk heim. Heime åt han middag.

  6. Han har eit sår. Det er fordi han fall på sykkelen.

  7. Den gamle dama er snill. Ho lærer meg å lage mat.

  8. I dag er ho trøytt. Derfor klarer ho ikkje å lese.

  9. Eg elskar eple. Dei er så søte.

  10. Jenta skriv på datamaskina. Etterpå skal ho ete.

Fasit

  1. I kveld skal vi på kino. Etterpå skal vi på restaurant. ( I den første setninga er "skal" verbal og "vi" subjekt. I den andre setninga er "skal" verbal og "vi" subjekt.)

  2. I går var det kaldt. Derfor blei vi inne. (I den første setninga er "var" verbal og "det" subjekt. I den andre setninga er "blei" verbal og "vi" subjekt.)

  3. Eg kjøpte ei bukse. I tillegg kjøpte eg sko. (I den første setninga er "kjøpte" verbal og "Eg" subjekt. I den andre setninga er "kjøpte" verbal og "eg" subjekt.)

  4. Vi gjekk til parken. Der var vi lenge. (I den første setninga er "gjekk" verbal og "Vi" subjekt. I den andre setninga er "var" verbal og "vi" subjekt.

  5. Guten gjekk heim. Heime åt han middag. (I den første setninga er "gjekk" verbal og "Guten" subjekt. I den andre setninga er "åt" verbal og "han" subjekt.)

  6. Han har eit sår. Det er fordi han fall på sykkelen. (I den første setninga er "har" verbal og "Han" subjekt. I den andre setninga er "er" verbal og "Det" subjekt.)

  7. Den gamle dama er snill. Ho lærer meg å lage mat. (I den første setninga er "er" verbal og "Den gamle dama" subjekt. I den andre setninga er "lærer" verbal og "Ho" subjekt.)

  8. I dag er ho trøytt. Derfor klarer ho ikkje å lese. (I den første setninga er "er" verbal og "ho" subjekt. I den andre setninga er "klarer" verbal og "ho" subjekt.)

  9. Eg elskar eple. Dei er så søte. (I den første setninga er "elskar" verbal og "Eg" subjekt. I den andre setninga er "er" verbal og "Dei" subjekt.

  10. Jenta skriv på datamaskina. Etterpå skal ho ete. (I den første setninga er "skriv" verbal og "Jenta" subjekt. I den andre setninga er "skal ete" verbal og "ho" subjekt.)

Del 4: Finn setningskoplarane

Les dei to setningane under. Kva er forskjellen på dei?

  1. Ho et. Ho går heim.

  2. Ho et. Etterpå går ho heim.

Svaret er at den første setninga ikkje har ein setningskoplar. Den andre setninga har setningskoplaren "Etterpå". Setningskoplarar er ord eller som bind setningar saman. Det er som om du syr setningane saman viss du lærer deg å bruke setningskoplarar.

Lær deg å bruke setningskoplarar, sidan det gjer språket ditt lettare å lese. Dessutan skaper det i språket ditt.

Oppgåve

  1. Finn setningskoplarane i setningane over. Du finn dei ofte like etter punktumet i den andre setninga på linja, men dei kan òg vere lengre bak i setninga.

  2. Samanlikn med det ein medelev har funne ut. Fann de dei same?

Fasit

  1. I kveld skal vi på kino. Etterpå skal vi på restaurant.

    • "Etterpå" er setningskoplar fordi han viser til at vi først skal på kino, og så skal vi på restaurant.

  2. I går var det kaldt. Derfor blei vi inne.

    • "Derfor" er setningskoplar fordi han viser tilbake til at "det var kaldt" og forklarer kvifor vi blei inne.

  3. Eg kjøpte ei bukse. I tillegg kjøpte eg sko.

    • "I tillegg" er setningskoplar fordi han viser at skoa blei kjøpte som noko ekstra saman med buksa.

  4. Vi gjekk til parken. Der var vi lenge.

    • "Der" er setningskoplar fordi han viser tilbake til "parken".

  5. Guten gjekk heim. Heime åt han middag.

    • "Heime" er setningskoplar fordi han viser tilbake til "heim" og forklarer kvar han åt middag.

  6. Han har eit sår. Det er fordi han fall på sykkelen.

    • "Det er fordi" er setningskoplar fordi han viser tilbake til "sår".

  7. Den gamle dama er snill. Ho lærer meg å lage mat.

    • "Ho" er setningskoplar fordi han viser tilbake til "den gamle dama".

  8. I dag er ho trøytt. Derfor klarer ho ikkje å lese.

    • "Derfor" er setningskoplar fordi han viser tilbake til at ho er trøytt og forklarer kvifor ho ikkje kan lese.

  9. Eg elskar eple. Dei er så søte.

    • "Dei" er setningskoplar fordi han viser tilbake til "eple".

  10. Jenta skriv på datamaskina. Etterpå skal ho ete.

    • "Etterpå" er setningskoplar fordi han viser at ho først skriv, og så skal ho ete.

Del 5: Forklar V2-regelen

  1. Sjå filmen Norsk – eit V2-språk (lengde 2:43).

    Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0
  2. Forklar kvarandre i par kvifor norsk er eit V2-språk ved å bruke døme frå setningane.

Del 6: Lag eigne setningar

Sit i par.

  1. Begge lagar ei kort og enkel setning. Hugs at setninga må ha subjekt, verbal og punktum.

  2. Byt ark eller pc. Hald fram på setninga med å følge desse reglane:

    • Prøv å bruke ein setningskoplar i starten av setninga.

    • Hugs verbalet på andreplass (V2-regelen).

    • Hugs at alle setningar må ha både subjekt og verbal.

  3. Byt tilbake og diskuter om de har laga riktige setningar.

    • Prøv å gjere setninga betre viss de meiner noko er gale.

    • Spør læraren om råd viss de lurer på om setninga er riktig eller på andre måtar kan bli betre.

  4. Hald fram til de har skrive fem setningar saman.

Vil du øve deg på å lage heilsetningar som du bind saman med konjunksjonar som og, men, eller og for? Gå vidare og lytt og skriv i oppgåva "Frå lyd til tekst nivå 2".

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.05.2025