Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Diskuter eit lesarinnlegg om kjønn

Kvifor er det ulike prisar på klipp for mann og kvinne hos frisøren? Les, diskuter og skriv eit svar på eit lesarinnlegg om kjønn.

Del 1: Førlesingsoppgåver

No skal du lese eit lesarinnlegg med overskrifta "Hvorfor skal kjønnet bestemme prisen?". Kva for tankar får du av denne overskrifta?

Del 2: Les lesarinnlegget

Ordforklaringar til lesarinnlegget

absurd
noko som verkar veldig rart
optikar
ein person som har som jobb å sjekke synet ditt, og hjelpe deg viss du treng briller
identitet
kven du er og korleis du ser på deg sjølv
sjølvuttrykk
korleis du viser kven du er, til dømes gjennom klede, hår eller meiningar
hyppig
noko som skjer ofte
rigid
noko som følger strenge reglar og ikkje let seg forandre så lett
kjønnsnorm
reglar og forventningar om korleis du bør vere som gut eller jente
kjønnsbasert
noko som handlar om eller er bestemt ut frå kjønn
openberr
noko som er tydeleg og lett å forstå
diskriminering
urettferdig behandling av nokon på grunn av til dømes kjønn, hudfarge eller religion
barberhøvel
ein liten reiskap for å barbere (fjerne) hår frå kroppen
tampong
ein liten mjuk rull laga av bomull. Kvinner bruker han når dei har menstruasjon (også kalla mensen).
hygieneprodukt
ei vare du bruker for å halde kroppen rein
marknadsført
når noko blir vist fram i reklame for at folk skal kjøpe det
ikkje-binære personar
personar som ikkje ser seg sjølve som berre gut eller berre jente
falle mellom to stolar
idiom: når du ikkje får hjelp fordi du ikkje passar inn i ei gruppe. Ingen tek ansvar for deg.
stusse
klippe litt kortare
kjønnsdiskriminering
når nokon blir behandla dårleg på grunn av kjønnet dei har
utdaterte normer
reglar eller forventningar som er gamle og ikkje passar lenger

Les først ordforklaringane over. Les deretter lesarinnlegget "Hvorfor skal kjønnet bestemme prisen?" av Anita Hasani.

Sit saman i par og svar munnleg på oppgåvene under.

  1. Kva er til forfattaren?

  2. Kvifor går ikkje forfattaren til frisørar som har ulik pris på hårklipp av damer og menn?

  3. Anita Hasini vil definere sin eigen identitet utan å følge forventningar frå andre eller strenge reglar til kjønn. Kva tenker de om Hasini sitt syn på identitet? Grunngi svaret.

  4. Forklar idiomet "å falle mellom to stolar" i sitatet "Hos disse frisørene faller ikke-binære personer mellom to stoler." Slå opp i LEXIN viss du ikkje kjenner til idiomet frå før.

  5. Kva foreslår forfattaren at frisørar kan gjere når dei skal bestemme pris på hårklipp?

  6. Lesarinnlegg har ofte ein appell heilt til slutt i teksten som lesaren til å gjere ei forandring. Kva er appellen i dette lesarinnlegget?

  7. Gi døme på i lesarinnlegget. Forklar òg kva dei retoriske spørsmåla har.

  8. Finn nokre døme frå teksten der forfattaren bruker dei retoriske appellformene , og for å påverke lesaren. Forklar bruken, og korleis forfattaren påverkar oss.

  9. Er de einige eller ueinige i hovudsynspunktet til forfattaren? Grunngi svaret.

Del 3: Diskuter lesarinnlegget i ring

Til læraren

Du kan lese meir om korleis du kan gjennomføre samtale i ring (sokratisk samtale) i fagartikkelen "Korleis få elevane munnleg aktive?".

Diskuter lesarinnlegget i ring i klasserommet. Ta utgangspunkt i spørsmåla de har svart på i del 2.

Del 4: Svar på lesarinnlegget

Til læraren

Vis gjerne korleis elevane kan strukturere lesarinnlegget sitt. Du finn døme på dette i oppgåveressursen "Skriv eit lesarinnlegg".

Skriv eit svar på lesarinnlegget. Kva er hovudsynspunktet ditt? Korleis skal du påverke lesaren? Du kan velje mellom desse mottakarane:

  • Anita Hasani

  • norske frisørar som har pris på hårklipp ut frå kjønn


Relatert innhald

Skriv eit lesarinnlegg

Bør det vere 18-årsgrense på sosiale medium? Skriv eit lesarinnlegg og fortel kva du meiner.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 04.08.2025