Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Diskuter og skriv om filmen Hva vil folk si

Sjå og diskuter filmen Hva vil folk si som handlar om norsk-pakistanske Nisha. Når ho er ute, drikk og festar ho med venner, mens ho er "snill jente" heime. Kva skjer når faren går inn på rommet hennar og får sjå henne saman med ein gut?

Hva vil folk si

Sjå filmen (lengde 1 time og 46 minutt).

Del 1: Diskuter i grupper

Sit i grupper. Diskuter:

  1. Korleis vil de beskrive Nisha?

  2. Korleis vil de beskrive faren til Nisha?

  3. Korleis vil de beskrive mora til Nisha?

  4. Korleis vil de forholdet mellom Nisha og faren i starten av filmen?

  5. Kva synest de om dei vala Nisha tek i løpet av filmen?

  6. Kva synest de om vala faren til Nisha tek? Kan de forstå dei?

  7. Korleis tolkar de slutten av filmen?

  8. Kva rolle speler kjønn og ære i filmen?

  9. Kjem nokon av dykk frå kulturar som har det same synet på kjønn, skam og ære som foreldra til Nisha? Forklar for kvarandre.

  10. Beskriv dei problema Nisha møter fordi ho er fødd inn i ein annan kultur enn den foreldra kjem frå.

Del 2: Skriv om filmen

Skriv ein tekst der du reflekterer over temaa kjønn, skam og ære i filmen Hva vil folk si. Last gjerne ned under med som .

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 04.08.2025