Annleis?

Del 1: Forventningar til gutar
Gå saman i grupper. Lag ein tabell som den de ser under og diskuter:
Kva er typisk guteåtferd?
Kva skal gutar ikkje gjere?
Ein av dykk noterer ned svar i kvar kolonne i tabellen.
Kva skal gutar gjere? | Kva skal gutar ikkje gjere? |
|---|---|
Kva for forventningar har samfunnet til korleis gutar skal sjå ut, kle seg, oppføre seg og vere interesserte i? | Kva for forventningar har samfunnet til korleis gutar ikkje skal sjå ut, kle seg, oppføre seg og vere interesserte i? |
Del 2: Les teksten saman
Gå saman i par. Ein av dykk skal ha rolle som "lesar", den andre som "lyttar".
Kva skal lyttaren gjere?
- sitje stilt og lytte
- svare på spørsmålet lesaren stiller mot slutten
Kva skal lesaren gjere?
Les novella "Annleis" høgt for lyttaren, men stopp når du kjem til det siste avsnittet. Still då spørsmålet: "No er det berre nokre få setningar igjen av novella. Kva trur du skjer?"
- Etter at lyttaren har komme med forslaget sitt, les du ferdig novella.
Korleis gjekk det? Klarte lyttaren å komme med eit forslag som likna på avslutninga, eller var avslutninga veldig ulik?
Del 3: Diskuter i par
- Kva meiner de forfattaren ønsker å fortelje deg som les denne teksten?
- Kjenslene til hovudpersonen forandrar seg heile tida – frå glad til trist. Kor mange slike endringar finn de i teksten?
- Kjem opplysninga om at hovudpersonen er ein gut heilt overraskande, eller er det frampeik i novella som seier noko om dette?
- Kva konflikt opplever hovudpersonen? Og kva løysing har han valt så langt i livet?
- Hovudpersonen tenker at andre ikkje vil forstå han. Har han grunn til å vere redd? Grunngi svaret.
Del 4: Ein kortfilm om kjønn og identitet
Sjå kortfilmen Bendik og Monsteret (lengde 10:13).
Skriv åleine først:
- Korleis viser filmen at samfunnet har spesielle forventningar til gutar?
- Kvifor trur du dei som har laga filmen, har sett inn eit snilt monster som ikkje liker å skremme?
- Kva meiner du er temaet i filmen?
- Vel eit sitat frå filmen som du synest får fram temaet godt.
Gå saman i grupper:
- Diskuter spørsmåla A–C.
- Fortel kvarandre kva sitat de valde, og kvifor de valde nettopp det sitatet.
Del 5: Samanlikn novelle og film
Sit i grupper. Ha eit eige ark eller ei eiga datamaskin framfor dykk. Den første delen skal de gjere utan å snakke saman.
Fullfør setningane under:
- Eg meiner den viktigaste likskapen mellom novella og filmen er ...
- Eg meiner den viktigaste forskjellen mellom novella og filmen er ...
- Høgde-/vendepunktet i filmen var då ...
- Høgde-/vendepunktet i novella var då ...
- Det viktigaste verkemiddelet for å få fram temaet i novella er ...
- Det viktigaste verkemiddelet for å få fram temaet i filmen er ...
Les svara høgt for kvarandre. Har de skrive om det same?
Del 6: Skriv avsnitt i par
No skal de skrive i par. Målet med oppgåva er å skrive avsnitt der de samanliknar noko i filmen og novella. Vel mellom å samanlikne
- temaet
- høgde-/vendepunktet
- det viktigaste verkemiddelet
De vel strategi sjølv:
- Strategi 1. Start på kvart dykkar avsnitt, men byt ark/dokument kvart tredje minutt.
- Strategi 2. Éin snakkar, mens den andre skriv. Finn ut om høgtlesinga viser at de må forandre språket nokon stader.
- Strategi 3. Lag dykkar eigen taktikk.
Sjå på modellteksten under. Han kan hjelpe dykk med å setje opp samanlikninga.
Del 7: Få nokon andre til å vurdere dykk
No har de to avsnitt. Vel det beste og byt med avsnittet til eit anna par i klassen. No skal de kommentere kvarandre sine tekstar skriftleg, som om de var lærarar. Sjå på dette:
- Gjer temasetninga at de forstår kva avsnittet skal handle om?
- Er det brukt fagomgrep når det blir skrive om verkemidla?
- Har setningane god oppbygning?
- Er det brukt setningskoplarar, slik at det er god flyt mellom setningane?
- Blir det vist til sitat eller hendingar i novella/filmen i samanlikninga?
Relatert innhald
Novelle om ungdom og identitet. Elevtekst. Teksten har ordforklaringar for deg som held på med å lære norsk.