Diskuter eit lesarinnlegg om kjønn

Del 1: Førlesingsoppgåver
No skal du lese eit lesarinnlegg med overskrifta "Hvorfor skal kjønnet bestemme prisen?". Kva for tankar får du av denne overskrifta?
Del 2: Les lesarinnlegget
Les først ordforklaringane over. Les deretter lesarinnlegget "Hvorfor skal kjønnet bestemme prisen?" av Anita Hasani.
Sit saman i par og svar munnleg på oppgåvene under.
Kva er hovudsynspunktet til forfattaren?
Kvifor går ikkje forfattaren til frisørar som har ulik pris på hårklipp av damer og menn?
Anita Hasini vil definere sin eigen identitet utan å følge forventningar frå andre eller strenge reglar til kjønn. Kva tenker de om Hasini sitt syn på identitet? Grunngi svaret.
Forklar idiomet "å falle mellom to stolar" i sitatet "Hos disse frisørene faller ikke-binære personer mellom to stoler." Slå opp i LEXIN viss du ikkje kjenner til idiomet frå før.
Kva foreslår forfattaren at frisørar kan gjere når dei skal bestemme pris på hårklipp?
Lesarinnlegg har ofte ein appell heilt til slutt i teksten som oppfordrar lesaren til å gjere ei forandring. Kva er appellen i dette lesarinnlegget?
Gi døme på retoriske spørsmål i lesarinnlegget. Forklar òg kva funksjon dei retoriske spørsmåla har.
Finn nokre døme frå teksten der forfattaren bruker dei retoriske appellformene logos, etos og patos for å påverke lesaren. Forklar bruken, og korleis forfattaren påverkar oss.
Er de einige eller ueinige i hovudsynspunktet til forfattaren? Grunngi svaret.
Del 3: Diskuter lesarinnlegget i ring
Diskuter lesarinnlegget i ring i klasserommet. Ta utgangspunkt i spørsmåla de har svart på i del 2.
Del 4: Svar på lesarinnlegget
Skriv eit svar på lesarinnlegget. Kva er hovudsynspunktet ditt? Korleis skal du påverke lesaren? Du kan velje mellom desse mottakarane:
Anita Hasani
norske frisørar som har pris på hårklipp ut frå kjønn
likestillings- og diskrimineringsombodet
Relatert innhald
Bør det vere 18-årsgrense på sosiale medium? Skriv eit lesarinnlegg og fortel kva du meiner.