Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk teksten "Karakterboka"

I denne oppgåva skal du lese, skrive og snakke om ein tekst henta frå boka Third Culture Kids. Teksten handlar om karakterar og om kva som skal til for å vere norsk.

Oppgåve 1. Jobb med teksten "Karakterboka"

Del 1: Førforståing

Jobb saman to og to eller i ei lita gruppe. Svar munnleg på spørsmåla under.

  1. Kva tenker de på når de høyrer ordet "karakterar"?

  2. Kva ar har de til eigne karakterar på skulen?

  3. Er det andre de kjenner, til dømes familie eller venner, som kva karakterar de ønsker å få? Grunngi svara dykkar.

Del 2: Leseforståing

Jobb saman to og to.

Les teksten "Karakterboka" av Michael Ray Vera Cruz Angeles høgt for kvarandre to gonger. Øv på rett uttale og .

Del 3: Svar på spørsmål til teksten

Svar skriftleg på spørsmåla under.

  1. Kvifor var ikkje eg-personen stressa for å få karakterboka med seg heim?

  2. Forklar kva det betyr å ha eit karaktersnitt på 5.

  3. Kva var det som gjorde at mora blei irritert då ho såg karakteren i norsk?

  4. Kva forklaring gav eg-personen til mora for at han fekk 3 i norsk munnleg og skriftleg?

  5. Kvifor henta mora det norske passet?

Del 4: Refleksjonsoppgåver

Jobb saman to og to. Svar munnleg på oppgåvene under.

  1. Kva tenker de om reaksjonen til mora?

  2. Trur de eg-personen kjenner frå familien når det gjeld resultat på skulen? Grunngi svara dykkar.

  3. Kva fortel utdraget om det å vere norsk?

  4. Er de einige i korleis eg-personen og mora tenker om det å vere norsk? Grunngi.

Del 5: Skriv din eigen tekst

La deg inspirere av "Karakterboka" og skriv din eigen tekst. Vel ein av teksttypane under.

  1. Skriv ein dagboktekst der eg-personen anten eller gler seg til å få karakterar i vidaregåande for første gong.

  2. Skriv ein tale med overskrifta "Kva vil det seie å vere norsk?"

Tips for teksttypane dagbok og tale

Dagboktekst

  • ein tekst du skriv litt på kvar dag

  • ein personleg tekst i eg-form

  • ofte beskrivingar av kva som har skjedd gjennom dagen

  • kan uttrykke tankane og kjenslene til eg-personen

  • startar ofte med "Kjære dagbok", dato og årstal

Tale

  • munnleg tekst

  • retta mot eit publikum som skal høyre han

  • bruk av språklege verkemiddel som til dømes , , , og for å engasjere og

  • klar bodskap med eit tydeleg poeng

  • tydeleg innleiing, hovuddel og avslutning


Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 08.04.2025