Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Utforsk det samiske

Kva kan du om samisk språk og kultur? Her skal du jobbe med munnlege og skriftlege oppgåver der du ser nærare på samisk språk, og der dei samiske språka er i bruk.

Du bør ha jobba med fagartiklane "Samiske språk" og "Fornorskningspolitikk og samisk språk" før du svarer på desse oppgåvene.

Oppgåve 1. Snakk med ein medelev

Svar munnleg på oppgåvene saman med ein medelev. Samanfatt saman i klassen etterpå.

  1. Kva betyr fornorskingspolitikk?

  2. Kva er ein internatskule? Kvifor blei mange samiske elevar sende til ein internatskule?

  3. Kva er eit minoritetsspråk?

  4. Kva veit du om dei tre samiske språka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk?


Oppgåve 2. Naturen i den samiske nasjonalsongen

Del 1: Les det første verset av den samiske nasjonalsongen

Her får du sjå det same verset på norsk og tre ulike samiske språk:

Norsk

Langt mot nord under Karlsvognen sakte stiger Samelandet. Vidde seg bak vidde strekker, sjø ved sjø hvor øyet rekker. Lier, åser, snaue rabber hever seg mot himmelbrynet. Elver bruser, skoger suser, stålgrå, steile fjell-nes skyter mot det ville hav seg ut.

Gjendiktning til norsk: Jacob Børretzen

Nordsamisk

Guhkkin davvin Dávggáid vuolde sabmá suolggaid Sámieatnan. Duottar leabbá duoddar duohkin, jávri seabbá jávrri lahka. Čohkat čilggiin, čorut čearuin allánaddet almmi vuostái. Šávvet jogat, šuvvet vuovddit, cáhket ceakko stállenjárggat máraideaddji mearaide.

Tekst: Isak Saba

Lulesamisk

Nuorttan Juoksanástij vuolen dáppen ráfes Sámeednam. Duottarduogen duottar vuojnnu, jávre sledju lahkalakkoj. Tjåhkå allen, båre tjæron allánaddi alme vuosstij. Jågå skåvvi, vuome sjåvvi tsáhki tsækko stállenjárga máradiddje merajda.

Gjendikting til lulesamisk: Sigga Maria Tuolja Sandström

Sørsamisk

Noerhtenaestiej gïjken nueliem soejmi Saemielaante jæjhta. Vaerieh vaeriej duekieh vååjnoeh, jaevrieh jaevriej dubpielisnie. Elmien vööste vaartoeh, aesieh lokngesieh jïh vitnededtieh. Johkh jïh skåakh jis bursieh, sjuvvieh, kraevies praare baektienjuanah saelhtietjaetsiem dåastoehtieh.

Gjendikting til sørsamisk: Anna Jacobsen

  • Jobb saman to og to. Sjå godt på ordforklaringane til verset. Les teksten høgt for kvarandre fleire gonger. Fortel kvarandre korleis de forstår dei ulike verselinjene i nasjonalsongen.

  • Sjå på verset i dei ulike samiske språka. Kva legg de merke til? Er dei samiske språka veldig like? Synest de det er noko som liknar på norsk?

Ordforklaringar til norsk omsetjing av det første verset av den samisk nasjonalsongen

Karlsvogna
eit kjent stjernemønster på himmelen
Sameland
det norske namnet på den staden samane tradisjonelt har budd. Sameland består av delar av Noreg, Sverige, Finland og Russland.
vidde
eit ope, stort fjellområde. Reinsdyr held ofte til på vidda.
kvar auget rekk
så langt du kan sjå
snaue rabbar
eit område på eit fjell der snøen blæs bort om vinteren, og vatnet renn bort om sommaren fordi det stikk litt opp
himmelbryn
der ein ser at himmel og hav møtast
bruser
her: at elva lagar høg lyd

Del 2: Reflekter over synet på naturen

Den samiske kulturen er kjend for å leve tett på naturen. Skriv ein tekst på 150–300 ord om korleis kjærleiken til naturen kjem fram gjennom det første verset av den samiske nasjonalsongen. Grunngi svaret ditt med døme, og vel ei passande overskrift til teksten din.

Setningsstartarar

Desse setningsstartarane kan hjelpe deg med å starte setningane dine:

  • Eit døme på korleis kjærleiken til naturen kjem fram, er i verselinje ...

  • Eit anna døme er i verselinje ...

  • Det er tydeleg at kjærleiken til naturen er sterk fordi ...

  • Det verkar som at samane sin kjærleik til naturen ...

  • Samane har levd tett på naturen i lang tid ...

Oppgåve 3. Kvar i Noreg er dette?

Studer kartet under og svar på spørsmåla. Er du usikker på kva dei norske fylka heiter? Då kan du gå inn på nettsidene til Regjeringa med kart over ny fylkesinndeling frå Kartverket.

  1. Kva samanheng er det mellom stor bokstav, fargar på kartet og dei samiske språka? Forklar med eigne ord.

  2. Kvar i Noreg blir det snakka mest sørsamisk? Finn ut kva fylka heiter.

  3. Kvar i Noreg blir det snakka mest lulesamisk? Finn ut kva fylka heiter.

  4. Kvar i Noreg blir det snakka mest nordsamisk? Finn ut kva fylka heiter.

  5. I kva for andre land blir det snakka sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk?

Pitesamisk

På kartet blir det vist at pitesamisk òg er eit språk som finst i Noreg. Ifølge Store norske leksikon er det totalt cirka 30 personar som kan pitesamisk, og i Noreg er det endå færre. Det blir jobba for å redde pitesamisk i Noreg (Store norske leksikon, 2024).

Oppgåve 3 som rein tekst: Kvar i Noreg er dette?

Les om samisk i artikkelen frå Lille norske leksikon og svar på oppgåvene under.

  1. Kvar i Noreg blir det snakka mest sørsamisk? Finn ut kva fylka heiter.

  2. Kvar i Noreg blir det snakka mest lulesamisk? Finn ut kva fylka heiter.

  3. Kvar i Noreg blir det snakka mest nordsamisk? Finn ut kva fylka heiter.

  4. I kva for andre land blir det snakka sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk?

Oppgåve 4. Kva kan du om samisk kultur og språk?

Del 1: Lag ein presentasjon

Lag ein presentasjon der du presenterer samisk kultur og språk. Presenter for ei lita gruppe i klassen. Bruk gjerne nettsida til Samiske veivisere for å finne informasjon. Du skal ha dette med i presentasjonen din:

  • fakta om dei tre samiske språka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk

  • typiske samiske matrettar

  • døme på samiske kufter som blir brukte i det området der språket blir snakka

  • litt om joik


Del 2: Test kunnskapen

Jobb gjerne saman to og to. Kva hugsar de om samisk språk og kultur? Byt på kven som les spørsmålet, og kven som skal svare. Hjelp kvarandre viss de er usikre. Svar på spørsmålet under før de snur kortet. På baksida av kortet er det ein .

Kjelde

Kommittén för samiska nationalsymboler (Sametinga i Noreg, Sverige, Finland og dessutan Samerådet). (2023, 2. januar). SÁMI SOGA LÁVLLA JA SÁMIEATNAN DUODDARIID. sami-soga-lavlla-samieatnan-duoddariid.PDF

Duolljá, K. S-E & Theil R. (2023). pitesamisk. I Store norske leksikon https://snl.no/pitesamisk

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 11.06.2025