Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Livet som språkleg minoritet

Sjå filmen om Marja og familien hennar som kjempar for å ta vare på det sørsamiske språket, og svar på oppgåver til filmen.

Oppgåve 1. Utforsk orda minoritet og hjartespråk

Svar på spørsmåla munnleg to og to eller i lita gruppe. Samanfatt felles i klassen med lærar.

Del 1: Minoritet

  1. Kva vil det seie å vere ein minoritet? Slå opp i ordboka Lexin viss de er usikre på kva ordet betyr.

  2. Kva er forskjellen på å vere del av ein minoritet og å vere del av ein majoritet? Gi døme. Slå opp ordet majoritet i ordboka Lexin viss de er usikre på kva ordet betyr.

  3. Kva meiner du er fordelane og med å vere minoritetsspråkleg?

Del 2: Hjartespråk

  1. Kva trur de ordet hjartespråk betyr? Fortel kvarandre kva de trur ordet betyr.

  2. Fortel kvarandre kva som er dykkar hjartespråk, og kvifor dette er hjartespråket dykkar.

Oppgåve 2. Sjå filmen Den stille kampen: Kampen for språket

I filmen Den stille kampen: Kampen for språket (lengde 29:48) kan du sjå korleis Marja og familien hennar kjempar for at språket sørsamisk ikkje skal forsvinne. Det er få som bruker det sørsamiske språket, så derfor seier vi at det er eit språk.

Ordforklaringar til filmen

Sørsamisk
eit samisk språk
Hjartespråk
det språket du tenker og føler med, det språket du har i hjartet ditt, ofte førstespråket til ein person
Tøffe vilkår
vanskelege forhold
Status
her: kor populært eller upopulært noko er
Skilt
her: eit skilt som står langs vegen og viser til dømes namnet på ein stad
På trykk
at noko står skrive ein stad, i ei fysisk avis eller digitalt
Torvgamme
jordhytte
Falt for musikklinja
fekk lyst til å gå på musikklinja på vidaregåande
Kombinere
gjere fleire ting samtidig
Reindrift
det å jobbe med reinsdyr
Komponere musikk
lage musikk
Bodskap
det avsendar vil formidle, få deg til å forstå
Digg
noko bra
Trua språk
språk som står i fare for å forsvinne
Reindriftsutøvar
ein som jobbar med reinsdyr
Avgrensa
her: noko det finst lite av
Vegen å gå
her: det som er klokt å gjere
Dyrka
her: blei teken vare på
Språkreir/språkbad
ein metode å lære språk på, skape situasjonar der det er naturleg å snakke språket
Tospråklegheit
at du kan to språk godt
Beinhardt arbeid
veldig hardt arbeid
Majoritet
eit fleirtal
Storsamfunn
den delen av samfunnet som fleirtalet er ein del av
Minste motstands veg
at du gjer det som gir minst motstand, gjer det som er lettast
Enerasamisk
eit austsamisk språk som blir snakka av veldig få personar i Finland
Gjenopplive
få noko levande igjen
Generasjon
personar på omtrent same alder, til dømes besteforeldregenerasjon og foreldregenerasjon
Forbløffande
noko veldig overraskande
Myndigheiter
dei som bestemmer i eit land
Fornorskingsperioden
ein periode der norske styresmakter prøvde å gjere samane meir norske, mellom anna ved å tvinge dei til å snakke norsk i staden for samisk
Homogen
veldig like
Nomadeskole
ein skule for nomadar, altså personar som ikkje bur fast på same stad
Fysisk avstraffa
at ein person får straff for noko ved til dømes å bli slått eller sparka
Mindreverdskompleks
at du ikkje trur at du er like bra som andre, men har mindre verdi
Diskriminering
behandle ein person eller ei gruppe urettferdig
Nytt vindauge som opna seg mot verda
her: få fleire moglegheiter
Analfabet
ein person som ikkje kan lese og skrive
Internat
ein bygning der skuleelevar bur mens dei går på skule
Rømme
dra frå ein stad utan lov, anten frivillig eller fordi du blir tvinga til det
Lengt
når du saknar noko
Nærmiljø
området i nærleiken av der du bur
Dilemma
situasjon der det er vanskeleg å velje mellom to ulike ting
Provoserande
noko du blir veldig irritert av
Samisk avstamming
at ein person kjem frå ei samisk slekt, har samiske forfedrar
Parallell
her: noko som er likt noko anna
Forhindre
stoppe eller hindre at noko skjer
Sametinget
folkevald samling av samar i eit land
Støtte
her: noko du vil ha og er positiv til
Etablering
noko som blir laga eller skapt
Avta
bli mindre
Nedlegging
når noko blir lagt ned, teke bort
Grunnstein
den første steinen, noko viktig
Kolossalt
veldig
Kalv
her: ein unge av eit reinsdyr, reinsdyrkalv
Gloser
enkeltord
Simle
hodyr av reinsdyr
Joike
tradisjonell samisk song
Henge i hop
noko er på ein spesiell måte

Del 1: Spørsmål til filmen

Tenk over spørsmåla under mens du ser filmen. Skriv gjerne du kan bruke til samtalen etter filmen.

  1. Kvifor er det så viktig for Marja at sørsamisk ikkje døyr ut?

  2. Når bruker ho norsk, og når snakkar ho sørsamisk?

  3. Korleis jobbar familien til Marja for å sørsamisk?

  4. Kvifor snakka Marjas besteforeldre norsk til vanleg?

  5. Enaresamisk er verkeleg eit trua samisk språk. Korleis har det blitt jobba for å redde dette språket?

  6. Kva syn på fleirspråklegheit kjem fram i ?

  7. Kva for ar fekk det at samisk blei offisielt språk i seks norske fylke?

  8. Kvifor førte samisk skilting til i delar av Nord-Noreg?

Del 2: Snakk om filmen

Snakk saman med ein medelev om svara på oppgåvene i del 1. Samtalen med medeleven er førebuing til del 3, der de skal ha ein klassesamtale i ring om dei same spørsmåla.

Del 3: Samtale i ring

Til læraren

Sei til elevane at dei skal snakke saman i ring om filmen dei har sett. Forklar dei at det er viktig

  • å vere ein god lyttar

  • å snakke i passe tempo

  • å ha tydeleg uttale

  • å snakke høgt nok til at alle høyrer

  • å ha eit vennleg og inkluderande kroppsspråk

Elevane skal hjelpe kvarandre inn i samtalen og ha som mål at kvar elev får sagt minst to ting kvar. Invitasjonen inn i samtalen kan til dømes vere:

"Anna, kan du fortelje når Marja bruker norsk, og når ho snakkar samisk?"

"Kva tenker du om dette, Peter?"

"Kva syn på fleirspråklegheit kjem fram i dokumentaren, Magdalena?"

"Er det nokon andre som vil seie noko om sitt syn på fleirspråklegheit?"

Set alle elevane i ein ring, slik at alle ser kvarandre godt. Tilpass ringen ut frå storleiken på klassen og andre omsyn. Samtaleringar på opptil 15 elevar kan fungere fint.

Elevane skal ha ein samtale med utgangspunkt i spørsmåla i del 1. Dei kan få spørsmåla delte ut på ark, eller lærar kan klippe dei ut og legge dei på golvet. Dette hjelper elevane med å hugse alle spørsmåla, og då kan dei òg plukke eitt og eitt spørsmål bort frå golvet etter kvart som dei blir svart på.

Sit i ring og snakk om filmen de har sett med utgangspunkt i spørsmåla i del 1. Du kan gjerne ha med notata frå del 1 viss du ønsker det. Læraren forklarer nærare korleis de skal gjennomføre samtalen i ring. Hugs på

  • å vere ein god lyttar

  • å ha eit vennleg og kroppspråk

  • å snakke i passe tempo og høgt nok til at alle høyrer

  • å ha tydeleg uttale


Oppgåve 3. Skriv ein reflekterande tekst

Vel éi av oppgåvene under:

  1. Skriv ein tekst på 100–300 ord der du over korleis det er å vere ein språkleg . Du kan bruke eigne erfaringar eller døme frå filmen du har sett. Her er nokre setningsstartarar:

    • Det å vere ein språkleg minoritet kan vere ...

    • Ei positiv side ved å vere ein språkleg minoritet er ...

    • Noko som er vanskeleg, er ... Som språkleg minoritet i Noreg har eg tenkt på / lært at / sakna ...

    Når du har skrive teksten, lagar du ei overskrift som passar.

  2. Skriv ein tekst på 100–300 ord der du reflekterer over det å ta vare på eit . Du kan bruke døme frå filmen du har sett eller eigne erfaringar. Her er nokre setningsstartarar:

    • Hjartespråket mitt er ...

    • Eg synest det er viktig å ta vare på hjartespråket fordi ...

    • Av og til kan det vere vanskeleg å ta vare på hjartespråket sitt fordi ...

    • Eg håper at hjartespråket mitt ...

    Når du har skrive teksten, lagar du ei overskrift som passar.

Oppgåve 4. Snakk saman om sitat frå filmen

Svar munnleg på oppgåvene saman med ein medelev. Samanfatt i felles klasse til slutt.

Ingen er villig til å gi frå seg sitt eige språk.

Eg klarer ikkje å gi att den same bodskapen på norsk som eg gjer på sørsamisk. Eg kan ikkje la dette bli borte, for då er det ingenting igjen av meg. Då forsvinn eg òg.

  1. Kva for tankar får de av dei to sitata frå Marja over?

  2. Kva tenker de om at Marja kjempar så hardt for å bevare hjartespråket sitt?

  3. Kva meiner de om måten samar har blitt behandla på i Noreg?

  4. Kva ville de ha gjort om hjartespråket dykkar var trua?

Relatert innhald

Skrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal, Åsa Abusland og Elisabeth Lønning. Rettshavar: Dialektxperten.
Sist oppdatert 02.05.2025