Utforsk hjartespråket

Før du jobbar med desse oppgåvene, bør du ha sett filmen Hjertespråket og lest gjennom ordforklaringane til filmen.
Del 1: Snakk om filmen Hjertespråket
Svar munnleg på oppgåvene saman med ein medelev etter at de har sett filmen. Samanfatt munnleg i felles klasse.
Kva språk har Hætta Marie vakse opp med?
Kven er det som har lært Nora å snakke kvensk?
Kva språk har Marja vakse opp med?
Korleis får Marja fram at sørsamisk er hjartespråket hennar?
Beskriv korleis Nora opplevde det å lese kvensk for første gong.
Kva fortel Nora om det kvenske språket?
Kva gjer Marja for at sørsamisk ungdom skal få oppleve meir sørsamisk språk i kvardagen sin?
Kva er eit hjartespråk? Forklar med eigne ord.
Del 2: Reflekter over det å vere tospråkleg
Vel ei av oppgåvene under og skriv ein reflekterande tekst på 150–300 ord. Vel ei passande overskrift til teksten din.
Reflekter over det Nora seier om det å vere tospråkleg i filmen. Kjenner du deg igjen i noko av det ho seier? Grunngi svaret ditt.
Eg trur nesten ein må vere tospråkleg sjølv for å forstå kva det vil seie å ha eit hjartespråk som har ein veldig annleis status enn det andre språket ditt har. Det kvenske for meg er veldig tett knytt til kjenslene mine. Det er det einaste språket eg kjenner far min på. Heile relasjonen vår er på det språket.
Av og til, sidan eg er tospråkleg, kjenner eg på norsk at eg jo eigentleg kan eit ord som er mykje betre for dette. Eller eg ville eigentleg ha sagt det på ein annan måte. I dei situasjonane er det av og til berre dette hjartespråket som strekk til for å seie det ein vil seie, på den måten ein vil seie det på.
Reflekter over det Marja seier om språk som identitetsfaktor i filmen. Vis gjerne til døme frå eiga erfaring med språk og identitet.
Språk er ein identitetsfaktor. Mistar ein sitt eige språk, har ein mist ein stor del av seg sjølv.
Reflekter over det Hætta Marie seier om kor viktig det er for henne å stå støtt både i den norske og den samiske kulturen. Kjenner du deg igjen i noko av det ho seier? Grunngi svaret ditt.
Eg trur det er heilt avgjerande at eg får lov til å stå støtt i begge kulturar. At eg får lov til å bruke samisk når det passar meg, og at eg får lov til å snakke norsk når det passar meg. Eg trur at viss vi hadde teke eit av dei bort hadde det vore som å kutte av ein fot. Då står ein berre og hinkar på den eine. Sånn ville eg kjent det viss eg til dømes ikkje fekk anledning til å snakke på morsmålet mitt.
Setningsstartarar
Desse setningsstartarane kan hjelpe deg med å starte setningane dine:
Sitatet får fram at ...
Eg kjenner meg igjen i ...
Eg kjenner meg ikkje igjen i ...
Eg synest det Nora/Marja/Hætta Marie seier er viktig fordi ...
Eg er einig med det ho seier fordi ...
Eg er ueinig med det ho seier fordi ...
Det verkar som ...
Eg trur Nora/Marja/Hætta Isaksen vil vise at ...
Det ho seier, får meg til å tenke på ...
Det ho seier er viktig fordi ...
Del 3: Hjartespråk i klasserommet
Lag ein illustrasjon av hjartespråket ditt. Det kan til dømes vere eit hjarte der du skriv kva språket heiter både på førstespråket ditt og på norsk. Rundt hjartet kan du skrive fem av favorittorda dine på hjartespråket ditt. Pass på at orda du vel har positiv betydning, til dømes ord som kjærleik, vennskap og liknande.
Hjartespråk – døme på polsk med norske forklaringarDekorer klasserommet med illustrasjonane.
Fortel kvarandre om hjartespråket dykkar og orda de har valt å setje inni hjartet.
Relatert innhald
Film om tre kvinner som fortel om forholdet dei har til morsmålet sitt. Med ordforklaringar for deg som held på å lære norsk.