Utforsk det samiske

Du bør ha jobba med fagartiklane "Samiske språk" og "Fornorskningspolitikk og samisk språk" før du svarer på desse oppgåvene.
Oppgåve 1. Snakk med ein medelev
Svar munnleg på oppgåvene saman med ein medelev. Samanfatt saman i klassen etterpå.
Kva betyr fornorskingspolitikk?
Kva er ein internatskule? Kvifor blei mange samiske elevar sende til ein internatskule?
Kva er eit minoritetsspråk?
Kva veit du om dei tre samiske språka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk?
Oppgåve 2. Naturen i den samiske nasjonalsongen
Del 1: Les det første verset av den samiske nasjonalsongen
Her får du sjå det same verset på norsk og tre ulike samiske språk:
Jobb saman to og to. Sjå godt på ordforklaringane til verset. Les teksten høgt for kvarandre fleire gonger. Fortel kvarandre korleis de forstår dei ulike verselinjene i nasjonalsongen.
Sjå på verset i dei ulike samiske språka. Kva legg de merke til? Er dei samiske språka veldig like? Synest de det er noko som liknar på norsk?
Del 2: Reflekter over synet på naturen
Den samiske kulturen er kjend for å leve tett på naturen. Skriv ein reflekterande tekst på 150–300 ord om korleis kjærleiken til naturen kjem fram gjennom det første verset av den samiske nasjonalsongen. Grunngi svaret ditt med døme, og vel ei passande overskrift til teksten din.
Setningsstartarar
Desse setningsstartarane kan hjelpe deg med å starte setningane dine:
Eit døme på korleis kjærleiken til naturen kjem fram, er i verselinje ...
Eit anna døme er i verselinje ...
Det er tydeleg at kjærleiken til naturen er sterk fordi ...
Det verkar som at samane sin kjærleik til naturen ...
Samane har levd tett på naturen i lang tid ...
Oppgåve 3. Kvar i Noreg er dette?
Studer kartet under og svar på spørsmåla. Er du usikker på kva dei norske fylka heiter? Då kan du gå inn på nettsidene til Regjeringa med kart over ny fylkesinndeling frå Kartverket.
Kva samanheng er det mellom stor bokstav, fargar på kartet og dei samiske språka? Forklar med eigne ord.
Kvar i Noreg blir det snakka mest sørsamisk? Finn ut kva fylka heiter.
Kvar i Noreg blir det snakka mest lulesamisk? Finn ut kva fylka heiter.
Kvar i Noreg blir det snakka mest nordsamisk? Finn ut kva fylka heiter.
I kva for andre land blir det snakka sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk?

Oppgåve 4. Kva kan du om samisk kultur og språk?
Del 1: Lag ein presentasjon
Lag ein presentasjon der du presenterer samisk kultur og språk. Presenter for ei lita gruppe i klassen. Bruk gjerne nettsida til Samiske veivisere for å finne informasjon. Du skal ha dette med i presentasjonen din:
fakta om dei tre samiske språka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk
typiske samiske matrettar
døme på samiske kufter som blir brukte i det området der språket blir snakka
litt om joik
Del 2: Test kunnskapen
Jobb gjerne saman to og to. Kva hugsar de om samisk språk og kultur? Byt på kven som les spørsmålet, og kven som skal svare. Hjelp kvarandre viss de er usikre. Svar på spørsmålet under før de snur kortet. På baksida av kortet er det ein fasit.
Relatert innhald
Om samiske språk og utbreiinga av dei.
Kva var fornorskingspolitikken? Kva for rettar har samane i dag?