Livet som språkleg minoritet

Oppgåve 1. Utforsk orda minoritet og hjartespråk
Svar på spørsmåla munnleg to og to eller i lita gruppe. Samanfatt felles i klassen med lærar.
Del 1: Minoritet
Kva vil det seie å vere ein minoritet? Slå opp i ordboka Lexin viss de er usikre på kva ordet betyr.
Kva er forskjellen på å vere del av ein minoritet og å vere del av ein majoritet? Gi døme. Slå opp ordet majoritet i ordboka Lexin viss de er usikre på kva ordet betyr.
Kva meiner du er fordelane og ulempene med å vere minoritetsspråkleg?
Del 2: Hjartespråk
Kva trur de ordet hjartespråk betyr? Fortel kvarandre kva de trur ordet betyr.
Fortel kvarandre kva som er dykkar hjartespråk, og kvifor dette er hjartespråket dykkar.
Oppgåve 2. Sjå filmen Den stille kampen: Kampen for språket
I filmen Den stille kampen: Kampen for språket (lengde 29:48) kan du sjå korleis Marja og familien hennar kjempar for at språket sørsamisk ikkje skal forsvinne. Det er få som bruker det sørsamiske språket, så derfor seier vi at det er eit trua språk.
Del 1: Spørsmål til filmen
Tenk over spørsmåla under mens du ser filmen. Skriv gjerne stikkord du kan bruke til samtalen etter filmen.
Kvifor er det så viktig for Marja at sørsamisk ikkje døyr ut?
Når bruker ho norsk, og når snakkar ho sørsamisk?
Korleis jobbar familien til Marja for å bevare sørsamisk?
Kvifor snakka Marjas besteforeldre norsk til vanleg?
Enaresamisk er verkeleg eit trua samisk språk. Korleis har det blitt jobba for å redde dette språket?
Kva syn på fleirspråklegheit kjem fram i dokumentaren?
Kva for konsekvensar fekk det at samisk blei offisielt språk i seks norske fylke?
Kvifor førte samisk skilting til språkstrid i delar av Nord-Noreg?
Del 2: Snakk om filmen
Snakk saman med ein medelev om svara på oppgåvene i del 1. Samtalen med medeleven er førebuing til del 3, der de skal ha ein klassesamtale i ring om dei same spørsmåla.
Del 3: Samtale i ring
Sit i ring og snakk om filmen de har sett med utgangspunkt i spørsmåla i del 1. Du kan gjerne ha med notata frå del 1 viss du ønsker det. Læraren forklarer nærare korleis de skal gjennomføre samtalen i ring. Hugs på
å vere ein god lyttar
å ha eit vennleg og inkluderande kroppspråk
å snakke i passe tempo og høgt nok til at alle høyrer
å ha tydeleg uttale
Oppgåve 3. Skriv ein reflekterande tekst
Vel éi av oppgåvene under:
Skriv ein tekst på 100–300 ord der du reflekterer over korleis det er å vere ein språkleg minoritet. Du kan bruke eigne erfaringar eller døme frå filmen du har sett. Her er nokre setningsstartarar:
Det å vere ein språkleg minoritet kan vere ...
Ei positiv side ved å vere ein språkleg minoritet er ...
Noko som er vanskeleg, er ... Som språkleg minoritet i Noreg har eg tenkt på / lært at / sakna ...
Når du har skrive teksten, lagar du ei overskrift som passar.
Skriv ein tekst på 100–300 ord der du reflekterer over det å ta vare på eit hjartespråk. Du kan bruke døme frå filmen du har sett eller eigne erfaringar. Her er nokre setningsstartarar:
Hjartespråket mitt er ...
Eg synest det er viktig å ta vare på hjartespråket fordi ...
Av og til kan det vere vanskeleg å ta vare på hjartespråket sitt fordi ...
Eg håper at hjartespråket mitt ...
Når du har skrive teksten, lagar du ei overskrift som passar.
Oppgåve 4. Snakk saman om sitat frå filmen
Svar munnleg på oppgåvene saman med ein medelev. Samanfatt i felles klasse til slutt.
Ingen er villig til å gi frå seg sitt eige språk.
Eg klarer ikkje å gi att den same bodskapen på norsk som eg gjer på sørsamisk. Eg kan ikkje la dette bli borte, for då er det ingenting igjen av meg. Då forsvinn eg òg.
Kva for tankar får de av dei to sitata frå Marja over?
Kva tenker de om at Marja kjempar så hardt for å bevare hjartespråket sitt?
Kva meiner de om måten samar har blitt behandla på i Noreg?
Kva ville de ha gjort om hjartespråket dykkar var trua?
Relatert innhald
Om samiske språk og utbreiinga av dei.
Kva var fornorskingspolitikken? Kva for rettar har samane i dag?