Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Lag innleiing, avslutning og tittel til ein analyse av Skylappjenta

Korleis gå fram for å skrive ei god innleiing, avslutning og ein god tittel i ein tekstanalyse? I denne oppgåva skal du øve deg ved å skrive innleiing, avslutning og tittel til kortfilmen Skylappjenta. Til slutt skal du ha laga ein ferdig analyse av filmen.

Del 1: Lag ei innleiing

Oppgåva til innleiinga er å fortelje lesaren kva du skal skrive om. I ei innleiing til ein analyse bør du

  1. skrive litt om kva teksten skal handle om

  2. presentere forfattar/regissør og tekst

Sjå på modellteksten under. Innleiinga er på berre to setningar, men fortel både om kva som er viktig i teksten som blir analysert, kven som har skrive teksten, og kva forfattaren heiter.

Modelltekst

Oppgåve

Skriv innleiinga til analysen av kortfilmen Skylappjenta.

Del 2: Lag ei avslutning

Det er mange måtar å skrive avslutningar på. Under kan du lese ein modelltekst som

  • samanfattar

  • reflekterer – altså fortel om sine eigne tankar om temaet

Modelltekst

Oppgåve

Skriv avslutninga til analysen av kortfilmen Skylappjenta.

Del 3: Lag ein tittel

Tittelen er namnet du gir teksten din. Tittelen bør vere noko som handlar om temaet. Vi har til dømes gitt analysen vår av romanen Og tittelen "Språket er nøkkelen".

Oppgåve

Lag tittelen til analysen din av kortfilmen Skylappjenta.

Del 4: Sjå gjennom teksten din

Viss du har gjort alle trinna i læringsstien, skal du ha skrive dette:

  • tittel

  • innleiing

  • hovuddel

    • avsnitt om motiv

    • avsnitt om tema

    • avsnitt om eit verkemiddel

  • avslutning

Oppgåve

  1. Les gjennom teksten din og sjekk om språket er godt, eller om du bør gjere nokon forandringar. Viss du har anledning til det, bør du lese han høgt.

  2. Byt gjerne tekst med ein medelev. Gi kvarandre tilbakemeldingar på språk og innhald.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.05.2025