Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Diskuter eit lesarinnlegg

Korleis prøver eit lesarinnlegg å overtyde deg om at sosiale medium bør ha 18-årsgrense?

Del 1: Les og forstå lesarinnlegget

  1. Les gjennom lesarinnlegget "Sosiale medier må ha 18-årsgrense!" i ressursen "Les eit lesarinnlegg".

  2. Skriv ned kva du meiner er i teksten– altså det ønsker å fortelje.

  3. Kva for bruker avsendaren for å lesaren om at sosiale medium bør ha 18-årsgrense? Skriv ned dei argumenta du finn i punkt under bodskapen.

  4. Kva for delar av teksten meiner du har dei beste argumenta? Marker i teksten.

  5. Gå saman med ein medelev og samanlikn svara.

Del 2: Analyser innlegget

Avsendaren bruker både , og for å overtyde. Korleis blir dei ulike brukte?

A. Finn logos (fornuft)

  1. Avsendaren prøver å overtyde lesaren ved å bruke argument og tal. Marker dei delane der det er logos i teksten.

  2. Kvifor trur du avsendaren bruker logos?

  3. Synest du logosargumentasjonen er vellykka – altså at han er god? Kvifor?

B. Finn etos (tillit)

  1. Etos handlar om å vise at vi har kunnskap, eller at ekspertar støttar det vi seier. Marker dei delane i teksten der forfattaren bygger opp tillit. Kva for kjelder bruker han for å styrke argumenta sine?

  2. Etos handlar òg om å vise at vi bryr oss om andre, og at vi har god . Finn du døme på dette i teksten? Marker.

  3. Kvifor trur du avsendar bruker etos?

  4. Synest du etosargumentasjonen er vellykka?

C. Finn patos (kjensler)

Avsendar vil overtyde lesaren ved å spele på kjenslene. Kva for delar av teksten gjer dette? Marker i teksten.

Språklege verkemiddel

Ein viktig del av patosargumentasjonen er språklege verkemiddel. Sjå etter følgande språklege verkemiddel i teksten:

  1. Gjentaking: Nokre ord eller blir gjentekne. Finn desse. Kva meiner du dei har i teksten?

  2. Direkte førespurnad: Av og til skriv avsendaren rett til deg – lesaren. Finn døme på dette. Kvifor trur du avsendaren skriv slik?

  3. : Finn døme på spørsmål der avsendaren ikkje ventar svar. Korleis trur du desse spørsmåla skal verke på lesaren?

Litt hjelp?

Når du ser etter verkemiddel, kan du bruke desse sitata som hjelp:

  1. "Synes du det er riktig at ungdommer i Norge blir mer og mer deprimerte?"

  2. "Hva venter dere på?"

  3. "Der ser de bilder av perfekte kropper.

    De ser bilder av dyre klær.

    De ser bilder av fine ferier.

    De ser og ser, [...]"

Del 3: Diskuter i grupper

  1. Samanlikn svara dykkar i grupper

  2. I del 1D skulle de markere den delen av teksten som hadde dei beste argumenta. Samanlikn det de har markert og diskuter om det er brukt patos-, logos- eller etosargumentasjon. Fortel òg kvarandre kvifor de markerte denne delen.

Del 4: Ha ein diskusjon i klassen

  1. Diskuter bodskapen i lesarinnlegget saman i klassen. Er de einige i at sosiale medium bør ha 18-årsgrense? Ein elev eller læraren skriv argumenta for og imot på tavla.

  2. Avslutt med å skrive ned dei argumenta du synest er best. Desse treng du til det neste trinnet i læringsstien – når du skal skrive ditt eige lesarinnlegg.

Gå vidare i læringsstien for å skrive eit svar på lesarinnlegget du nettopp har lese.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.11.2024