Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Kjeldemateriale
Spelefilm
Video

Van Gogh – At Eternity’s Gate

Van Gogh – At Eternity’s Gate er eit historisk biografisk drama som handlar om Vincent van Gogh og tida han var i Arles i Frankrike. Han var prega av indre uro samtidig som han utfordra konvensjonar i samtida. Anerkjenninga kom først etter at han var død.

Til læraren

Korleis filmen eignar seg i skulen

Skildringa av Vincent van Goghs mentale helse kan opplevast mørk, og det kan vere formålstenleg å legge opp til samtalar om psykiske vanskar når filmen blir brukt i undervisning.

Filmen kan eigne seg i programfaget kunst og visuelle verkemiddel. Regissør Julian Schnabel, som sjølv er biletkunstnar, har skapt eit intenst portrett av både kunstnaren og mennesket van Gogh. Van Goghs måleri, måleteknikk og bakgrunnshistorie gir oss innsikt i kor banebrytande uttrykka hans var i samtida. Verka inspirerer framleis til nyskaping i dag.

Filmen kan brukast i arbeid med det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, med særleg vekt på kunst og kultur og på psykisk helse. Han opnar òg for samtalar om korleis kunstuttrykk kan spegle identitet.

Om filmen

Den hardtarbeidande og då relativt ukjende målaren Vincent van Gogh var omkring 80 dagar i Arles i Sør-Frankrike. På den tida rakk han å måle svært mykje, trass i ei stadig sviktande mental helse.

Han prøvde å stille ut verka sine, men ingen ville stille ut saman med han, og han selde lite. På grunn av mangel på anerkjenning og få venner vart van Goghs draum om ein kunstnarfellesskap aldri realisert. Den mentale helsa hans vart ytterlegare svekt, og i ein diskusjon med kunstnaren Paul Gauguin skar han av seg det eine øyret sitt med eit barberblad.

Van Gogh døydde i 1890 som følge av eit skotsår i magen, men det er ueinigheit om kva som faktisk skjedde. Den mest kjende forklaringa er at han tok sitt eige liv. Ein annan teori hevdar at han kan ha blitt skoten ved eit uhell av to unge gutar, og at han sjølv tok skulda for å verne dei. Det er denne tolkinga filmen bygger på. Van Gogh uttalte seg aldri om kva som skjedde før han døydde nokre dagar seinare.

Tematikk

Filmen gir eit innblikk i kunstnarar som seinare skulle bli sentrale representantar for postimpresjonismen og dei nye kunstretningane som vaks fram mot slutten av 1800-talet. Vincent van Gogh, Paul Cézanne og Paul Gauguin blir i dag rekna blant dei viktigaste målarane frå denne perioden.

Han opnar eit vindauge inn til sjølve omgrepet kunst og korleis stor kunst blir definert. Mange kunstnarar blir aldri anerkjende mens dei lever, men kunsten deira kan få uventa suksess etter at dei er døde, slik van Goghs historie viser.

Filmen om van Gogh tek òg for seg temaet mental helse og korleis dette vart handtert og behandla i samtida hans. Vart van Goghs kunst betre av at han strevde med den mentale helsa si? Det vil vi aldri få vite, men hendinga der han skar av seg øret, er i alle fall verdskjend og har skapt ekstra merksemd rundt kunsten hans.

Skrive av Tonje Holtan Tellefsen. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 28.05.2026