Ordets makt (Le Brio) - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Ordets makt (Le Brio)

Hovudkarakteren i Ordets makt er ei ung kvinne som skal studere juss ved eit universitet i Paris. Allereie i første forelesning møter ho rasisme og fordommar. Filmen er relevant for det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Han gir òg eit innblikk i retorikk som fagfelt og disiplin.
Filmdetaljar
  • År: 2017

  • Varigheit: 1 time og 30 minutt

  • Regi: Yvan Attal

  • Skodespelarar: Camélia Jordana, Daniel Auteuil, Yasin Houicha, Nozha Khouadra, Julia Malinbaum, Nicolas Vaude, Jean-Baptiste Lafarge, Virgil Leclaire

  • Originaltittel: Le Brio

  • Land: Frankrike

Om filmen

Filmen følger hovudkarakteren Neila Salah, spelt av Camélia Jordana, som bur med mora si i ein forstad utanfor Paris. Neila blir kalla "franskgeniet" av vennene sine, og ho skil seg ut som den einaste i gjengen med ambisjonar om å ta høgare utdanning. 

Filmen byrjar idet Neila startar juss-studia ved det prestisjetunge Panthéon-Assas-universitetet i Paris. Innvandrarbakgrunnen hennar blir ei kjelde til utfordringar, spesielt når ho møter ein av professorane på universitetet. 

Filmen dykkar inn i Neilas møte med fordommar og rasisme innanfor universitetssystemet, og han kan vere relevant når de skal jobbe med folkehelse og livsmeistring eller retorikk i klasserommet.

Retorikk-konkurranse

Neila får ein dårleg start på universitetet då ho kjem for seint til si første forelesning med den berykta professoren Pierre Mazard.

Han audmjukar ho framom dei andre studentane og bruker innvandrarbakgrunnen hennar som eit argument mot ho. Opptrinnet blir filma og delt på Facebook, og i kjølvatnet av hendinga vil fleire studentar få Mazard avsett.

Seinare lagar Mazard og ein universitetsleiar ein plan for å redde karrieren hans. Dei bestemmer seg for å få Neila til å delta i ein prestisjetung retorikk-konkurranse, der Mazard vil trene ho. Målet med dette er å unngå rasismeklagane og sikre den framtidige karrieren hans ved universitetet.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Jobb med filmen Ordets makt

Øv deg på etos, logos og patos. Her er oppgåver om retorikk med utgangspunkt i spelefilmen Ordets makt.

Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 23.11.2023