Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale
Spelefilm
Video

Loving Vincent

Loving Vincent er ein unik animasjonsfilm om Vincent van Goghs liv og mystiske død. Gjennom handmåla bilete og ei etterforsking av hans siste dagar får vi eit sterkt møte med kunst, liv og psykisk helse.

Til læraren

Korleis filmen eignar seg i skulen

Filmen gir innsikt i van Goghs psykiske helse og behandlinga han fekk av legen dr. Gachet. Han viser òg korleis han vart møtt av omgivnadene, både med mobbing, misforståingar og utanforskap, men òg med omsorg frå enkelte.

Loving Vincent eignar seg godt i arbeid med det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Samtidig passar han svært godt i kreative fag, på grunn av den historiske hovudkarakteren og den unike og kunstnariske metoden som vart nytta for å lage filmen.

Om filmen

Loving Vincent er ein handmåla animasjonsfilm basert på livet til målaren Vincent van Gogh. Filmen fokuserer særleg på omstenda rundt dødsfallet hans, som framleis er omgitt av mystikk og spekulasjonar. Handlinga går føre seg eit år etter at han døydde.

Filmen består av rundt 65 000 handmåla oljemåleri som er laga av eit team på 125 kunstnarar frå heile verda. Kunstnarane studerte og brukte van Goghs særeigne stil. I tillegg blir det nytta rotoskopering, ein animasjonsteknikk der ein teiknar over filmopptak bilete for bilete for å skape realistiske rørsler.

Mange av scenene er inspirerte av van Goghs originale måleri. Produksjonen tok seks år, og filmen har vunne ei rekke internasjonale prisar.

Kjelder

Loving Vincent. (2026, 13. mai). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/loving_vincent

Rotoscoping. (2026, 29. april). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/rotoscoping

Skrive av Helene Retzius. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 28.05.2026