Trace
Om filmen
Vi følger hovudkarakteren Baldr, ein ung viking som vender heim etter lang tid borte. Han ber meg seg mange nye erfaringar, men møter motstand i eit samfunn der tradisjonane står sterkt. Baldrs reise speglar den evige konflikten mellom ønska til individet og kravet frå fellesskapen.
Tematikken i filmen
Trace tek opp tidlause tema som identitet, generasjonskonflikt og presset om å tilpasse seg normene i samfunnet. Det som gjer denne filmen så spesiell, er den historiske nøyaktigheita. Dialogen er sett om med hjelp frå ein professor i norrønt og skandinavisk språk ved NTNU. Sjølv om dette er ein uavhengig produksjon laga med få midlar, er filmen prega av lidenskap om å formidle vikinghistorie på ein ny måte.
Korleis filmen er eigna i skulen
Ved å sjå filmen Trace kan ein få innsikt i både kulturen og språket i vikingtida, samtidig som han opnar for refleksjon rundt universelle spørsmål om identitet og samfunn. Den unike bruken av norrønt gjer filmen til eit verdifullt verktøy for å engasjere i både norsk- og historiefaget.