Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale
Spelefilm
Video

Sophie Scholls siste dager

Sophie Scholls siste dager er ein tysk premiert spelefilm frå 2005. Filmen handlar om den tyske aktivisten og motstandskvinna Sophie Scholls innsats under andre verdskrigen og er relevant for historie- og tyskfaget og dessutan det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap.

Om filmen

Sophie Scholls siste dager er regissert av den tyske filmskaparen Marc Rothemund, og den tyske tittelen på filmen er Sophie Scholl Die letzten Tage.

Filmen vart Oscar-nominert for beste utanlandske film i 2005, og han vann Sølvbjørnen under Filmfestivalen i Berlin for beste regi.

Sophie Scholl

Sophie Scholl er ein 21 år gammal student. Saman med broren Hans er ho med i ei motstandsgruppe som jobbar mot Hitlers fascistiske regime. Motstandsgruppa til søskenparet Scholl trykker mellom anna opp flygeblad som dei distribuerer med postgang.

Ein dag får Hans ein idé. Dei har ein del flygeblad igjen, men ikkje fleire konvoluttar. Kva med å legge flygeblada ut på universitetet? Sophie melder seg frivillig til å bli med broren og gjennomføre den risikable aksjonen. Det skal vise seg å bli ei lagnadstung avgjerd.

Korleis filmen eignar seg i skulen

Filmen, som er basert på livet til den tyske aktivisten Sophia Magdalena Scholl, beskriv tida etter at ho og broren vart arresterte av Gestapo for å ha distribuert flygeblad på universitetet i München. Han er ein relevant ressurs for fag som historie og tysk.

Tematisk sett utforskar Sophie Scholls siste dagar problemstillingar som er relevante for det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap. Han bidreg mellom anna med innblikk i aktivisme og motstandsarbeid under andre verdskrigen i Tyskland.

Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 11.04.2024