Pans Labyrint
Om filmen
Handlinga i Pans labyrint går føre seg i Spania i tida etter den spanske borgarkrigen. Året er 1944, og motstandsgrupper kjempar i det skjulte mot det fascistiske regimet til general Franco.
Tolv år gamle Ofelia og den høggravide mor hennar har nettopp komme til landsbygda. Dei har flytta frå byen for å bu saman med den nye mannen til mora og Ofelias stefar, kaptein Vidal. Vidal er ein brutal offiser i Francos hær som jaktar på og drep motstandsfolk.
Ein dag finn Ofelia ein gammal labyrint i nærleiken. Inne i labyrinten møter ho ein faun, som fortel henne at ho eigentleg er ei prinsesse frå underverda. For å kunne vende tilbake dit må ho først gjennomføre tre farlege prøvelsar.
Fantasi og verkelegheit
Handlinga i filmen vekslar mellom ei mørk og mystisk eventyrverd og ei brutal verkelegheit prega av soldatar, vald og undertrykking.
Kontrasten mellom fantasi og verkelegheit opnar for mange moglege tolkingar.
Det kan vere interessant å reflektere over kva Ofelias besøk i labyrinten eigentleg er eit bilete på, og kva dei ulike fantasivesena ho møter der, symboliserer.
Mottaking
Då Pans labyrint hadde verdspremiere under filmfestivalen i Cannes i 2006, skal han ha blitt motteken med ståande applaus i over 20 minutt.
Fleire filmkritikarar har omtalt filmen som eit meisterverk på grunn av lydsporet, det visuelle og mørke filmspråket, scenografien og dei overbevisande skodespelarprestasjonane.
Filmen har òg vunne fleire prestisjefylte filmprisar. I 2007 vann han heile tre Oscar-statuettar i kategoriane beste kinomatografi, beste scenografi og beste sminke.