Min bestemor strøk kongens skjorter - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Min bestemor strøk kongens skjorter

Min bestemor strøk kongens skjorter, er ein animasjonsfilm frå 1999. Filmen er regissert av Torill Kove og handlar om Kove si bestemor.

Om filmen

I 1905, då Noreg blei sjølvstendig, blei det bestemt at landet skulle få eigen konge. Kong Haakon VII flytta til Oslo saman med dronning Maud og prins Olav. Bestemora til Kove strauk i mange år skjortene til kong Haakon.

Då krigen kom til Noreg i 1940, og kongefamilien måtte flykte til England, besøkjer tyske soldatar butikken der bestemor jobbar for å få stroke uniformene. Bestemor bestemmer seg for å sabotere tyskarane sine uniformer med klø- og svipulver, insekt og brennmerke. Ho startar ein "skjortegerilja", som snart spreier seg til heile landet.

Min bestemor strøk kongens skjorter viser korleis "vanlege" folk også gjorde motstand mot den tyske okkupasjonen. Filmen blei i år 2000 nominert til Oscar i kategorien for beste korte animasjonsfilm.

Frå Hamar til Hollywood

Animasjonfilmskapar Torill Kove teiknar miljø vi kan kjenne att og karakterar med enkle strekar. Dette har ho hausta ei rekkje utmerkingar og prisar for.

Ho er ei av få nordmenn som kan skilte med heile tre Oscar-nominasjonar, og i 2006 fekk ho Oscar for animasjonsfilmen Den danske dikteren.

Kove er fødd og oppvaksen på Hamar, og ho har sidan 1980-talet vore busett i Canada. Ho jobbar som designar, illustratør, manusforfattar og animatør.

Relatert innhald

Fagstoff
Animasjonsfilm

Animasjonsfilm er ulike filmteknikkar der filmskaparen skapar illusjon av rørsle gjennom å manipulere motivet ved hjelp av enkeltbiletteknikk.

Fagstoff
Kortfilm

Omgrepet kortfilm blir brukt både om novellefilmar, animasjonsfilmar, dokumentarfilmar, informasjonsfilmar, reklamefilmar og eksperimentelle filmar.

Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019