Hopp til innhald
Spillefilm

Churchill

I skuggen av planane dei allierte hadde om D-dagen i 1944 står Winston Churchill, ein mann prega av politisk motgang, militære nederlag og indre demonar. Kor mange fleire liv kan han ofre for å vinne krigen? Churchill er eit historisk drama om ein av dei mest avgjerande hendingane i verdshistoria.

Om filmen

Filmen Churchill tek oss med til dei avgjerande dagane før D-dagen under andre verdskrigen og viser korleis Winston Churchill lenge stod imot planane dei allierte hadde om å storme Normandie.

Churchill er i filmen redd for å gjenta tidlegare feil og plaga av politisk motstand, og han kjempar for å ta vare på ryktet sitt som leiar. Filmen viser fram dei indre demonane hans og utfordringane han hadde som statsmann i krigstid.

Tematikk

Filmen handlar om opptakten til D-dagen under den andre verdskrigen og om korleis det var for Churchill å leie eit land i krig. Vi blir invitert inn i Winston Churchills indre, kjenslemessige kamp som leiar. På denne måten kan filmen bidra med forståing for den menneskelege dimensjonen bak store historiske hendingar.

Engelsk og historie

Filmen utforskar som nemnt ei av dei mest kritiske hendingane i britisk historie, nemleg D-dagen i 1944. Dette gjer han godt eigna som utgangspunkt for oppgåver og faglege diskusjonar i både engelsk- og historiefaget.

Churchill er òg interessant for det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap, mellom anna fordi filmen tematiserer korleis det er å leie eit land i krig og krise.

Skrive av Anne Cathrine Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 25.01.2024