Vitamin
Vitamin – viktige hjelpestoff i små mengder
Dei ulike vitamina har ulik kjemisk oppbygning og heilt ulike oppgåver i kroppen. Vitamin regulerer stoffskiftet til kroppen og er nødvendige for nedbryting og oppbygging av karbohydrat, feitt, protein og mineralstoff. Det er 13 vitamin som er nødvendige for oss menneske. Vi deler vitamina inn to grupper: feittløyselege og vassløyselege.
Feittløyselege vitamin
Vitamin A, D, E og K er feittløyselege og kan lagrast i kroppen. Det er derfor ikkje nødvendig å dekke behovet til kroppen kvar dag, berre lagera ikkje går tomme. Derimot er det mogleg å få i seg for mykje av dei feittløyselege vitamina, spesielt vitamin A og D.
Vassløyselege vitamin
Vitamin B og vitamin C er vassløyselege og blir raskt skilde ut av kroppen igjen. Sidan dei ikkje blir lagra, må dei stadig tilførast gjennom mat og drikke. Vitamin B er eigentleg ei stor gruppe vitamin.
For lite vitamin gir sjukdommar
For lite vitamin i kosten kan gi mangelsjukdommar. Dette var vanleg før i tida, men no til dags er det sjeldan. I fattige land er derimot vitamin-mangelsjukdommar svært utbreidde. Nokre vitamin er stoff som må vere til stades for at viktige enzym skal verke, såkalla koenzym. Mange B-vitamin er koenzym.
Antioksidantar
Fleire av vitamina verkar som antioksidantar i cellene, til dømes vitamina C, E og A. Antioksidantar vernar cellene i kroppen vår mot såkalla frie oksygenradikal og vernar oss på denne måten mot kreft og hjartesjukdommar. Frie oksygenradikal er stoff som kroppen produserer under celleandinga.

Film om vitamin (4:21)
Denne filmen forklarer kva vitamin er, kva funksjon dei har i kroppen, kva konsekvensar mangel kan gi, og kva matvarer som er gode kjelder til dei ulike vitamina.
Oppgåve
Kva er viktige funksjonar til dei ulike vitamina? Flytt funksjonane til rett vitamin.