Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Næringsstoff

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Fordøyinga

Det vi et og drikk, må brytast ned til mindre bitar før kroppen kan bruke næringsstoffa. Nedbrytinga skjer i fordøyingssystemet. Dei ferdig nedbrotne næringsstoffa blir frakta ut til cellene i kroppen.

Film om fordøyinga (3:13)

I denne filmen får du ei kort oversikt over hovudprinsippa i fordøyinga.

Video: FuseSchool / CC BY-NC-SA 4.0

Fordøyingssystemet – frå munn til endetarm

Fordøyinga startar i munnen, når vi byrjar å tygge maten. Munnen er starten på fordøyingskanalen, som går gjennom kroppen heilt til endetarmen. I tillegg består fordøyingssystemet av fleire kjertlar som lagar væsker som bidreg til nedbrytinga av næringsstoffa.

Ferdig nedbrotne næringsstoff blir frakta over i blod og lymfe og ut til alle cellene i kroppen.

Gå inn på infopunkta under for å lese meir om kva som skjer i dei ulike delane av fordøyinga.

Film om tynntarmen (2:31)

I denne filmen ser vi nærare på kva som skjer når næringsstoff blir tekne opp i tynntarmen.

Video: Fuseschool / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåve

Kva hugsar du om fordøyinga no?

Skrive av Bjørg E. Aurebekk, Øyvind Bønes og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 04.09.2025