Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Næringsstoff

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Vitamin

Vitamin er stoff som er livsnødvendige for oss, men som vi berre treng små mengder av. Dei må tilførast via maten fordi kroppen ikkje sjølv kan bygge dei. Unntak er vitamin D, som huda kan danne i sollys, og vitamin K, som blir danna av bakteriar i tarmane.

Vitamin – viktige hjelpestoff i små mengder

Dei ulike vitamina har ulik kjemisk oppbygning og heilt ulike oppgåver i kroppen. Vitamin regulerer stoffskiftet til kroppen og er nødvendige for nedbryting og oppbygging av karbohydrat, feitt, protein og mineralstoff. Det er 13 vitamin som er nødvendige for oss menneske. Vi deler vitamina inn to grupper: feittløyselege og vassløyselege.

Feittløyselege vitamin

Vitamin A, D, E og K er feittløyselege og kan lagrast i kroppen. Det er derfor ikkje nødvendig å dekke behovet til kroppen kvar dag, berre lagera ikkje går tomme. Derimot er det mogleg å få i seg for mykje av dei feittløyselege vitamina, spesielt vitamin A og D.

Vassløyselege vitamin

Vitamin B og vitamin C er vassløyselege og blir raskt skilde ut av kroppen igjen. Sidan dei ikkje blir lagra, må dei stadig tilførast gjennom mat og drikke. Vitamin B er eigentleg ei stor gruppe vitamin.

Meir om dei ulike B-vitamina

B-vitamina

vitamin

namn

funksjon

B1tiaminomsetjing av karbohydrat
B2riboflavinenergiomsetjing
B3niacinenergiomsetjing
B5pantotensyreomsetjing av karbohydrat, feitt og protein
B6pyridoksinomsetjing av amionsyrer
B7biotin

omsetjing av karbohydrat, feittsyrer og aminosyrer

B9folsyre/folatdanning av DNA og RNA
B12kobalamindanning av DNA og RNA

Kvar vart det av B4, B8, B10 og B11?

Opphavleg brukte ein heile talrekka frå B1 til B12, men nokre av desse vart seinare fjerna frå klassifiseringa fordi dei ikkje lenger vart rekna som vitamin.

For lite vitamin gir sjukdommar

For lite vitamin i kosten kan gi mangelsjukdommar. Dette var vanleg før i tida, men no til dags er det sjeldan. I fattige land er derimot vitamin-mangelsjukdommar svært utbreidde. Nokre vitamin er stoff som må vere til stades for at viktige skal verke, såkalla koenzym. Mange B-vitamin er koenzym.

Antioksidantar

Fleire av vitamina verkar som antioksidantar i cellene, til dømes vitamina C, E og A. Antioksidantar vernar cellene i kroppen vår mot såkalla frie og vernar oss på denne måten mot kreft og hjartesjukdommar. Frie oksygenradikal er stoff som kroppen produserer under .

Film om vitamin (4:21)

Denne filmen forklarer kva vitamin er, kva funksjon dei har i kroppen, kva konsekvensar mangel kan gi, og kva matvarer som er gode kjelder til dei ulike vitamina.

Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Oppgåve

Kva er viktige funksjonar til dei ulike vitamina? Flytt funksjonane til rett vitamin.

Kjelder

Bjørneboe, G.-E. & Svihus, B. (2025, 4. juli). B-vitamin. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/B-vitamin

Svihus, B., Lande, B. & Hauge, J. G. (2025, 10. april). Vitaminer. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/vitaminer

Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk, Øyvind Bønes og Thomas Bedin. Rettshavar: NKI Forlaget.
Sist oppdatert 04.09.2025