Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Utforsk sjølv!

Fagstoff

Variablar og metode

Når de har funne ei problemstilling og sett opp hypotesar, er neste trinn å undersøke og teste hypotesane. Då må de samle inn data! I naturfag bruker vi ofte forsøk eller eksperiment for å samle inn data. Før vi set i gang med innsamlinga, må vi vurdere både variablar og metode.

Korleis finne svar på problemstillinga?

Etter at vi har laga problemstilling og hypotesar, må vi planlegge og designe eit forsøk som gjer at vi kan seie om hypotesane stemmer eller ikkje. Vi startar med å finne ut kva faktorar (variablar) som påverkar det vi ønsker å finne ut. Deretter lagar vi ei detaljert beskriving av korleis vi skal gjennomføre forsøket. Denne beskrivinga kallar vi metode eller framgangsmåte.

Variablar påverkar det vi måler

Ein variabel i eit forsøk er noko som kan påverke resultatet av det vi måler. La oss seie at vi har valt problemstillinga "Korleis påverkar energidrikker reaksjonsevna?".

For å finne svar på dette har vi laga hypotesen "Vi trur at inntak av energidrikkar gjer at reaksjonsevna blir betre".

For å få oversikt over kva variablar vi har, kan vi spørje oss sjølve: Kva er det som kan påverke resultatet når vi testar denne hypotesen, eller kva forhold kan forandrast i løpet av forsøket?

Tenk gjennom!

Kva variablar har vi i dømet med energidrikker over?

Forslag til variablar

Faktorar eller forhold som kan påverke resultatet/målingane her, kan til dømes vere

  • inntak av energidrikk eller ikkje

  • reaksjonstid

  • kva test vi bruker for å måle reaksjonstid

  • testperson

  • tid på døgnet

  • mengde drikke

  • type drikke

  • matinntak

Fann de andre variablar òg?

Ulike typar variablar

Etter at de har funne ut kva variablar de har, er neste trinn å lage ein metode der de kan teste verknaden av éin variabel om gongen, mens dei andre blir haldne mest mogleg konstante. Det er viktig for at de skal vere sikre på at det faktisk er denne eine variabelen som påverkar resultatet, og ikkje nokre andre. Her er det lurt å skilje mellom ulike typar variablar: det de måler, det de forandrar, og det de prøver å halde likt.

Avhengig variabel – det vi måler

I forsøket vårt vil vi finne ut om reaksjonsevna blir betre når ein drikk energidrikk. Då kan vi måle reaksjonstida etter inntak av energidrikk, og dette blir den avhengige (eller målte) variabelen. Resultata av desse målingane bruker vi for å avgjere om hypotesen vår er sann eller ikkje.

Uavhengig variabel – det vi forandrar

For å få best moglege resultat prøver vi å forandre på berre ein variabel når vi gjer forsøket. Vi lurer på om energidrikk gir betre reaksjonsevne, så for å finne svar på det, må vi måle reaksjonsevna til personar som har fått energidrikk, og til personar som ikkje har fått det. Denne variabelen, drikke eller ikkje, kallar vi uavhengig variabel.

Kontrollert variabel – det vi held konstant

Alle andre variablar må bli haldne så konstante som mogleg slik at dei ikkje påverkar resultata. Dette er kontrollerte variablar. I forsøket vårt er det til dømes mengde drikke, tid på døgnet, type drikke og testperson. Vi vil at resultata vi får, skal vere mest mogleg påverka av om testpersonen fekk energidrikk eller ikkje.

Ulike typar variablar

Variabel

Forklaring

Døme frå forsøket

AvhengigDet vi målerReaksjonsevne (i form av reaksjonstid)
UavhengigDet vi forandrar for å finne ut om det har ein effektInntak av energidrikk eller ikkje
KontrollertDet vi held konstantTestperson, tid på dagen, mengde energidrikk, type energidrikk og så vidare

Metoden beskriv forsøket

Når vi har fått oversikt over variablane, kan vi begynne å lage ein detaljert plan for korleis vi skal gjennomføre undersøkingane. Vi lagar ein skriftleg plan som er så detaljert og tydeleg at andre kan gjennomføre det same forsøket på eiga hand på eit seinare tidspunkt.

Framgangsmåte

Beskriv på ein presis måte kva de skal gjere. Få med

  • kva målingar som skal gjerast

  • korleis dei kontrollerte variablane blir haldne mest mogleg konstante

  • kor mange målingar som skal bli tekne

Hugs at metoden må vere slik at han

  • forandrar den uavhengige variabelen

  • måler den avhengige variabelen

I tillegg til at de sjølve bruker metodebeskrivinga når de gjennomfører dykkar eigne forsøk, er denne delen viktig for andre som vil gjere same forsøk i ettertid. Metoden må derfor vere konkret og nøyaktig beskriven. Forsøket skal kunne bli gjenteke, etterprøvd og kontrollert. Dette er eit sentralt prinsipp i vitskapleg arbeidsmåte.

Døme på framgangsmåte

Førebuingar

  • Vel tidspunkt og stad for forsøket. Pass på at testane skjer i rolege omgivnader.

  • Sørg for at testpersonane er utkvilte og ikkje har ete rett før forsøket.

  • Mål opp same mengde energidrikk og same mengde vatn (til dømes 2 dl).

Kontrollmåling (utan energidrikk)

  • Test reaksjonstida til kvar person før inntak av drikke.

  • Bruk same type test for alle (til dømes at du slepper ein linjal og ser kor langt han fell før testpersonen grip han).

  • Gjer tre målingar per person og rekn ut gjennomsnittet.

Inntak av drikke

  • La testpersonane drikke energidrikk.

  • Test reaksjonstida til kvar person 20–30 minutt etter at dei har drukke energidrikk.

  • Gjenta same reaksjonstest som i kontrollmålinga.

  • Gjer tre nye målingar per person og rekn ut gjennomsnittet.

Registrering av alle data

  • Skriv ned resultata i ein tabell.

  • Noter eventuelle observasjonar (til dømes om nokon er nervøse, ukonsentrerte eller liknande).

Utstyr

Frå ferdige forsøksbeskrivingar er de sikkert vane til at utstyrslista står før framgangsmåten, men når de lagar forsøket sjølve, er det nyttig å lage framgangsmåten først. Då får de oversikt over kva de skal gjere, og dermed kva slags utstyr de vil trenge. Utstyrslista skal innehalde namn og mengde på utstyr og stoff de treng.

Døme på utstyrsliste

  • to (eller fleire) testpersonar

  • energidrikk

  • stoppeklokke (eventuelt ein app som testar reaksjonsevne)

  • vatn (til kontrolltest)

  • skjema for å registrere resultata i

  • målesylinder (for å måle same mengde drikke)

Tryggleik og risikovurdering

Metodebeskrivinga bør òg innehalde ein del om tryggleik og risikovurdering. Her bør de få med aktuelle faremoment og korleis de har tenkt å redusere risikoen for uhell.

Døme på informasjon om tryggleik og risikovurdering

  • Energidrikk inneheld koffein og bør ikkje drikkast av personar som har helseutfordringar (til dømes hjarteproblem).

  • Ingen bør drikke meir enn éin boks per dag.

  • Forsøket skal utførast under tilsyn av lærer.

  • Alle testpersonar må gi samtykke og stille opp frivillig.

Klar til å samle inn data!

No har de sannsynlegvis brukt litt tid på å få oversikt over variablane og laga ein plan for forsøket. Med eit grundig forarbeid blir det både lettare å få gode svar på hypotesane dykkar og morosamare å gjennomføre forsøket! Når de veit kva de skal gjere, og kvifor de gjer det, blir målingane meir pålitelege og resultata enklare å tolke.

Relatert innhald

Sikkerheit og risikovurdering

Jobb sikkert på naturfagrommet ved å lære deg sikkerheitsreglar og å bruke sikkerheitsdatablad for risikovurdering, førstehjelp og avfallshandtering.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 22.04.2026