Variablar og metode

Korleis finne svar på problemstillinga?
Etter at vi har laga problemstilling og hypotesar, må vi planlegge og designe eit forsøk som gjer at vi kan seie om hypotesane stemmer eller ikkje. Vi startar med å finne ut kva faktorar (variablar) som påverkar det vi ønsker å finne ut. Deretter lagar vi ei detaljert beskriving av korleis vi skal gjennomføre forsøket. Denne beskrivinga kallar vi metode eller framgangsmåte.
Variablar påverkar det vi måler
Ein variabel i eit forsøk er noko som kan påverke resultatet av det vi måler. La oss seie at vi har valt problemstillinga "Korleis påverkar energidrikker reaksjonsevna?".
For å finne svar på dette har vi laga hypotesen "Vi trur at inntak av energidrikkar gjer at reaksjonsevna blir betre".
For å få oversikt over kva variablar vi har, kan vi spørje oss sjølve: Kva er det som kan påverke resultatet når vi testar denne hypotesen, eller kva forhold kan forandrast i løpet av forsøket?
Tenk gjennom!
Kva variablar har vi i dømet med energidrikker over?
Ulike typar variablar
Etter at de har funne ut kva variablar de har, er neste trinn å lage ein metode der de kan teste verknaden av éin variabel om gongen, mens dei andre blir haldne mest mogleg konstante. Det er viktig for at de skal vere sikre på at det faktisk er denne eine variabelen som påverkar resultatet, og ikkje nokre andre. Her er det lurt å skilje mellom ulike typar variablar: det de måler, det de forandrar, og det de prøver å halde likt.
Avhengig variabel – det vi måler
I forsøket vårt vil vi finne ut om reaksjonsevna blir betre når ein drikk energidrikk. Då kan vi måle reaksjonstida etter inntak av energidrikk, og dette blir den avhengige (eller målte) variabelen. Resultata av desse målingane bruker vi for å avgjere om hypotesen vår er sann eller ikkje.
Uavhengig variabel – det vi forandrar
For å få best moglege resultat prøver vi å forandre på berre ein variabel når vi gjer forsøket. Vi lurer på om energidrikk gir betre reaksjonsevne, så for å finne svar på det, må vi måle reaksjonsevna til personar som har fått energidrikk, og til personar som ikkje har fått det. Denne variabelen, drikke eller ikkje, kallar vi uavhengig variabel.
Kontrollert variabel – det vi held konstant
Alle andre variablar må bli haldne så konstante som mogleg slik at dei ikkje påverkar resultata. Dette er kontrollerte variablar. I forsøket vårt er det til dømes mengde drikke, tid på døgnet, type drikke og testperson. Vi vil at resultata vi får, skal vere mest mogleg påverka av om testpersonen fekk energidrikk eller ikkje.
Variabel | Forklaring | Døme frå forsøket |
|---|---|---|
| Avhengig | Det vi måler | Reaksjonsevne (i form av reaksjonstid) |
| Uavhengig | Det vi forandrar for å finne ut om det har ein effekt | Inntak av energidrikk eller ikkje |
| Kontrollert | Det vi held konstant | Testperson, tid på dagen, mengde energidrikk, type energidrikk og så vidare |
Metoden beskriv forsøket
Når vi har fått oversikt over variablane, kan vi begynne å lage ein detaljert plan for korleis vi skal gjennomføre undersøkingane. Vi lagar ein skriftleg plan som er så detaljert og tydeleg at andre kan gjennomføre det same forsøket på eiga hand på eit seinare tidspunkt.
Framgangsmåte
Beskriv på ein presis måte kva de skal gjere. Få med
kva målingar som skal gjerast
korleis dei kontrollerte variablane blir haldne mest mogleg konstante
kor mange målingar som skal bli tekne
Hugs at metoden må vere slik at han
forandrar den uavhengige variabelen
måler den avhengige variabelen
I tillegg til at de sjølve bruker metodebeskrivinga når de gjennomfører dykkar eigne forsøk, er denne delen viktig for andre som vil gjere same forsøk i ettertid. Metoden må derfor vere konkret og nøyaktig beskriven. Forsøket skal kunne bli gjenteke, etterprøvd og kontrollert. Dette er eit sentralt prinsipp i vitskapleg arbeidsmåte.
Utstyr
Frå ferdige forsøksbeskrivingar er de sikkert vane til at utstyrslista står før framgangsmåten, men når de lagar forsøket sjølve, er det nyttig å lage framgangsmåten først. Då får de oversikt over kva de skal gjere, og dermed kva slags utstyr de vil trenge. Utstyrslista skal innehalde namn og mengde på utstyr og stoff de treng.
Tryggleik og risikovurdering
Metodebeskrivinga bør òg innehalde ein del om tryggleik og risikovurdering. Her bør de få med aktuelle faremoment og korleis de har tenkt å redusere risikoen for uhell.
Klar til å samle inn data!
No har de sannsynlegvis brukt litt tid på å få oversikt over variablane og laga ein plan for forsøket. Med eit grundig forarbeid blir det både lettare å få gode svar på hypotesane dykkar og morosamare å gjennomføre forsøket! Når de veit kva de skal gjere, og kvifor de gjer det, blir målingane meir pålitelege og resultata enklare å tolke.
Relatert innhald
Jobb sikkert på naturfagrommet ved å lære deg sikkerheitsreglar og å bruke sikkerheitsdatablad for risikovurdering, førstehjelp og avfallshandtering.