Målingar og målefeil

Målingar
Å måle betyr å beskrive noko med tal, til dømes kor tungt eller langt noko er. Teljing er sannsynlegvis den eldste forma for måling og antakeleg den målemetoden vi lærer først og bruker mest.
I kvardagen bruker vi målingar heile tida: Vi sjekkar batterinivået på mobilen, les temperaturen på termometeret, ser vekta på badet, følger med på klokka og farten på speedometeret. Desse målingane gir oss viktig informasjon, men for at dei skal gi meining, må vi vere einige om korleis vi måler – og kva eining vi bruker.
Både i forsking og i handel er det viktig at vi tolkar målingar likt. Derfor treng vi standardiserte målemetodar og felles måleiningar.
Standardiserte måleiningar
Har du nokon gong blitt forvirra når ein avstand blir oppgitt i engelske miles, eller når ein storleik blir oppgitt i tommar? Det er heller ikkje så lett å vurdere betydninga av at det er 12 gradar fahrenheit ute viss du er van med celsiusgradar. Vi har heilt klart behov for å ha samanliknbare måleiningar.
Takk vere internasjonalt samarbeid fekk vi i 1875 SI-systemet, som sikrar lik forståing og definisjon av sju grunnmåleiningar baserte på metersystemet. Tre av desse kjenner du sikkert frå før: kilogram for masse, meter for lengde og sekund for tid.
Her i landet er det Justervesenet som har ansvaret for at SI-systemet blir etterfølgt og for å kontrollere og justere måleinstrumenta, slik at ein kilo er like mykje same kvar vi handlar.
Målefeil
Når vi måler med ein linjal, eit termometer eller anna utstyr, vil vi aldri kunne lese av heilt nøyaktig. Måleresultatet vil derfor alltid avvike litt frå den "sanne" verdien. Denne forskjellen kallar vi målefeil. Vi skil mellom to typar: systematiske feil og tilfeldige feil.
Systematiske feil
Systematiske feil påverkar alle målingane på same måte, til dømes viss eit termometer alltid viser éin grad for mykje. Då vil alle målingane vi gjer med dette termometeret, få den same feilen. Slike feil kan vi oppdage og gjere noko med, slik at seinare målingar blir meir presise.
Tilfeldige feil
Tilfeldige feil kjem av variasjonar som vi ikkje kan føreseie, som at vi les av termometeret litt ulikt frå gong til gong slik at målingane varierer litt opp og ned. Slike feil er det vanskeleg å unngå heilt. Derfor er det lurt å gjere fleire målingar og bruke gjennomsnittet av desse for å få eit så påliteleg resultat som mogleg.