Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Utforsk sjølv!

Oppgåve

Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde

I dette forsøket skal du ta tida på ei kule som å triller ein gitt avstand, framstille resultatet grafisk og oppgi måleusikkerheit.

Innleiing

Alle målingar er usikre. Det kan vere feil på måleapparatet, eller ein kan lese feil av. Slike feil kallar vi systematiske feil. I tillegg kjem den såkalla statistiske usikkerheiten. Usikkerheit kjem av at vi ikkje greier å gjere målingane våre heilt nøyaktig likt frå gong til gong.

I dette forsøket skal du ta tida på ei kule som å triller ein gitt avstand, framstille resultatet grafisk og oppgi måleusikkerheit.

Usikkerheit

Når vi har mange målingar, kan vi angi usikkerheiten på denne måten:

Gjennomsnittsverdien ± halve variasjonsbreidda

  • Gjennomsnittsverdien fortel oss kva som er sentrum i talmaterialet frå målingane.

  • Variasjonsbreidda er skilnaden mellom det største og det minste talet, og fortel om korleis tala er spreidde.

  • Halve variasjonsbreidda, i prosent av gjennomsnittstalet, kallar vi ofte den relative usikkerheiten.

Hensikt

Hensikten med forsøket er å få erfaring med måleusikkerheit og korleis du kan presentere den.

Utstyr

  • gardinskjene

  • stålkule

  • stoppeklokke

  • Geogebra

Framgangsmåte

  1. Legg den eine enden av skjena på eit par bøker slik at kula trillar ned av seg sjølv på eit par sekund.
  2. Merk av start- og stoppunktet.
  3. Bruk stoppeklokke og ta tida for 50 trilleturar..

Resultater og observasjonar

  1. Før tidene inn i ein tabell.
  2. Rekn ut

    • gjennomsnittsverdien

    • variasjonsbreidda

  3. Bruk gjennomsnittsverdien og variasjonsbreidda til å oppgi kor lang tid kula brukte.
  4. Rekn ut den relative usikkerheiten.
  5. Framstill resultata i eit stolpediagram. Del talområdet (variasjonsbreidda) inn i 5

    10 intervall, og finn talet på målingar i kvart intervall. Alle intervalla må vere like store.

Drøfting av resultat og konklusjonar

  1. Kor mange prosent var den relative usikkerheiten?
    Hadde du klart å måle tida nøye?
  2. Korleis fordelte resultata seg i stolpediagrammet?

Relatert innhald

Metode og måleusikkerheit

Når du skal måle noko, kan du bli usikker på om måleinstrument og metodar er gode nok, men det er mykje du kan gjere for å redusere måleusikkerheita.

Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk.
Sist oppdatert 22.04.2026