Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Næringsstoff

Oppgåve

Lag eit spørjespel om fordøyinga

Bruk ein praterobot til å lage eit dialogdrive spørjespel om fordøyinga.

Lag din eigen praterobot – du bestemmer!

I denne oppgåva skal du bruke ein praterobot der du bestemmer korleis prateroboten skal "oppføre seg". Du skal lage eit dialogdrive spel som hjelper deg sjølv og andre med å lære om fordøyinga.

Del 1: Set deg inn i temaet

Set deg inn i fordøyingssystemet.

  • Kva eit formålet med det?

  • Korleis er det bygd opp?

  • Kva prosessar skjer der?

  • Korleis kan desse prosessane bli påverka?

Del 2: Lag spelet

1. Planlegg og tenk: Kva slag spel vil du lage?

  • Definer målgruppa: Kven skal bruke spelet? Er det for medelevar, yngre elevar eller andre?

  • Bestem læringsmål: Kva skal brukarane lære om fordøyinga? Til dømes namn på organ, funksjonar og prosessar.

  • Lag ei skisse: Kva slags type spel vil du lage? Skal det vere ein quiz, ei simulering av vegen til maten gjennom fordøyinga, eit eventyrspel med val undervegs eller noko anna? Bruk fantasien!

2. Design og skap prateroboten: Skriv instruksen

Kva vil du at prateroboten skal gjere? Det viktigaste er å forklare oppgåva til prateroboten. I tillegg bør du gi han informasjonen om konteksten han skal brukast i, og kva tone/rolle han skal ha.

Døme på oppbygging av instruks for spel om fordøyinga

Del

Beskriving

Døme

OppgåveForklar kva prateroboten skal gjere. Ønsk velkommen til det store spelet om fordøyinga. Forklar reglane. Still spørsmål om fordøyingssystemet slik at du skisserer eit eventyrleg univers. Start på byrjinga av fordøyinga. Spelaren får fem poeng viss hen svarer rett. For kvart forsøk som er feil, blir eit poeng trekt frå. Etter tre galne forsøk blir spelaren send vidare i fordøyinga.
Legg inn uventa hendingar, til dømes at det er noko galent i fordøyinga. Spelaren kan be om hint, men får ikkje full score på spørsmålet viss hen gjer det.
KontekstKven skal spelet vende seg til?Dei som speler spelet, er elevar på vg1 som skal lære om oppbygging av og prosessar i fordøyingssystemet.
Tone/rollePersonlegdom: Bestem korleis prateroboten skal "oppføre" seg. Skal han vere vennleg, morosam, seriøs, støttande eller noko anna?Still spørsmål på ein engasjerande måte. Ver støttande når du gir tilbakemelding.
FormatKva slags spel skal det vere?Spørsmåla er ein del av ei tenkt og spelaktig reise gjennom fordøyingssystemet.

3. Opprett prateroboten

Lag din eigen praterobot på NDLA praterobot.

  1. Gi prateroboten eit namn. Dette kan til dømes vere "Fordøyingseksperten", "Naturfaglæraren" eller det du sjølv ønsker.

  2. Lim inn instruksen du har laga.

  3. Innleiande spørsmål: Du vel sjølv eit innleiande spørsmål som du ønsker at prateroboten skal stille deg. Døme: "Velkommen til dette spelet om fordøyinga. Er du klar til å starte?"

  4. Temperatur: Temperaturen kontrollerer føreseielegheita på svara frå prateroboten. Låg temperatur sørger for meir føreseieleg respons, mens høg temperatur gir meir uventa og kreativ respons.

Last ned oppsettet

Hugs å laste ned oppsettet til prateroboten. Då kan du enkelt laste det opp igjen når du skal gjere endringar.

4. Testing og forbetring

  • Test spelet. La klassekameratar prøve spelet og gi tilbakemeldingar.

  • Bruk tilbakemeldingane til å gjere spelet betre.

  • Lagre oppsettet slik at du har det til seinare.

5. Presentasjon

Presenter spelet for klassen. Forklar korleis du har brukt prateroboten, og kva du har lært om fordøyinga.

Relatert innhald

Design ein praterobot

Lag din eigen praterobot: Bestem deg for kva prateroboten skal gjere. Lag ein systeminstruks, test den ut og juster.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 09.04.2026