KI-genererte bilete frå stilepokar
1. Studer dei to KI-genererte bileta
Det første biletet er generert i Adobe Firefly. Det andre biletet er generert med den same instruksen i NDLAs ChatGPT 4o.
Dette er instruksen for begge bileta: "Lag eit bilete med motiv som er typisk for renessansen. Det skal ha same djupne som himmelkvelvingen Michelangelo måla det i Det sixtinske kapellet."
Tenk over
Kvifor er dei to bileta så ulike?
Korleis representerer dei to bileta renessansen, og korleis gjer dei det ikkje?
Diskuter kva ord i instruksen som kan ha vore viktigast for den visuelle attgivinga til biletroboten.
2. Samarbeid i grupper på to–tre elevar
Vel ein tidsepoke og set dykk inn i kva som kjenneteiknar biletkunst i denne perioden. Finn gjerne ein epoke i artikkelen "Stilhistorie og uttrykkshistorie".
Finn eit bilete frå perioden som de vil ha som utgangspunkt for å generere nye illustrasjonar. Vel element i biletet som de vil ta med vidare. Bruk NDLAs eller ein annan godkjend biletrobot, og samarbeid om å skrive ein instruks til han. Beskriv motivet de har valt, og det visuelle uttrykket som kjenneteiknar perioden.
Kor gode blir bileta som roboten genererer ved hjelp av KI?
Samanlikn resultata. Diskuter kva bilete som treffer best på epoken, og kvifor.
Kva legg biletroboten til av eigen stil?
3. Gjett kva epoke
Vel dei to beste biletdøma de har generert, og la dei andre gruppene gjette kva epoke de har valt. Diskuter kva som gjer at de klarer å kjenne igjen det visuelle uttrykket frå perioden – eller eventuelt ikkje.
Bruk gjerne karusellmetoden
Halvparten av gruppene står i ein sirkel. Den andre halvparten står i ein sirkel innanfor. Gruppene roterer med klokka etter eit gitt tal minutt. Slik får alle gruppene i den ytre sirkelen snakka med gruppene i den indre sirkelen.
4. Samanfatt i klassen
Kva erfaringar gjorde de då de skulle generere tidstypiske bilete frå ulike periodar ved hjelp av KI?
Kva synest de om dei KI-genererte uttrykka?
Kva kan KI hjelpe oss med, og kva avgrensingar har verktøyet?
Diskuter i klassen korleis kunstuttrykk frå tidlegare tider kan inspirere oss til å skape eigne uttrykk.
Relatert innhald
Få tips og døme til gode instruksar til biletgenereringa di.
Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar instruksar til praterobotar.