Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skap eit kunstverk på nytt

Det einaste du treng, er eit stykke kunst og din eigen fantasi.

Finn eit verk!

I dette oppdraget skal du finne eit verk frå kunsthistoria og lage din eigen versjon. Versjonen din bør vere mest mogleg lik originalen, men det er lov å spele på humor eller andre verkemiddel. For å få inspirasjon, kan du søkje på "art remake" på internett.

Nyttige kjelder

Mange museum og galleri har gode kunstsamlingar på nett. Du kan til dømes sjekke ut desse nettsamlingane:

Arbeidsprosess

  • Finn ut kva kunstverk du vil skape på nytt.
  • Planlegg: Kvar kan du ta biletet? Kva treng du av rekvisittar? Treng du ein modell? Studer kunstverket nøye!
  • Ta foto. Pass på at du får same biletutsnitt, vinkel, lys og fargar i din eigen variant.
  • Rediger biletet i eit passande biletbehandlingsprogram.
  • Presenter versjonen din ved sida av originalen, slik som bileteksempla her.

Idear til meir arbeid

  • Undersøk den kunsthistoriske epoken som verket ditt stammar frå. Finn kjenneteikn ved epoken, og vurder korleis ditt kunstverket du valde passar inn i epoken. Presenter for klassen.
  • Lag ei utstilling av alle i klassen sine bilete. Inviter andre til opninga, og hald ein vernissasje.
  • Saml bileta til klassen i ein emneknagg i sosiale medium, eller del bileta. Hugs å be om løyve på førehand!
Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 05.11.2026