Epoker i nyere stilhistorie
Art nouveau
1890 - 1900
Art nouveau er inspirert av naturen. Organiske motiv, særleg blomar og planter, er derfor sentrale i uttrykk frå denne stilretninga. Kunstnarane strevde for ungdommelegheit og «det nye».
Uttrykka består av bogar, kurver og bølgjande former og har tydelege og definerte strekar. I plakatar er typografien ofte ein integrert del av uttrykket.

Plakatstil
1900 - 1930
Plakatstil, også kjend som «Sachplakat», stammar frå Tyskland. Uttrykket var ein motreaksjon mot den snirklete og detaljerte art nouveau-stilen.
Typografien består vanlegvis av feite, tydelege fontar med flate fargar. Former og objekt er forenkla, og det er gjerne fokus berre på eitt element i tillegg til overskrifta.

Futurisme
1909 - 1944
Stilretninga futurisme er framtidsretta kunst. Teknologi, fart og vald er sentrale tema. Bilen, flyet og industribyen blir brukt som dei fremste symbola på mennesket og teknologien sin triumf over naturen.

Kubisme
1910 - 1915
Kubisme er utleidd frå ordet kybos som er gresk og tyder ‘terning’. Kunstnarane som jobba med kubisme, forenkla motiv, plukka dei frå kvarandre og sette motivet saman att med geometriske former.
Slik prøvde kubistane å måle og presentere eit motiv frå ulike perspektiv samstundes. Tanken med det var å vise motivet så heilskapleg som mogleg.

Dadaisme
1910 - 1922
Kaoset og grua under første verdskrigen utsletta omtrent optimismen som prega tida rundt hundreårsskiftet. Her oppstod dadaismen. Kunstretninga markerte eit opprør mot alle vanlege oppfatningar av korleis kunst bør vere. Kunsten skulle få fram kva det ville seie å vere menneske i ei oppstykka og kaotisk verd – ei verd utan meining.
Dadaistane baserte kunsten sin på planlagd irrasjonell oppførsel. Dei avviste alle reglar for kva som tidlegare var rekna som riktig og vakkert, for eksempel komposisjonsprinsippa.

Konstruktivisme
1915 - 1934
Konstruktivismen oppstod i same tidsrom som den russiske revolusjonen og var inspirert av blant anna futurisme.
Konstruktivistane meinte design kunne byggjast og konstruerast ved hjelp av geometriske former. Dei la meir vekt på at designet skulle ha ein funksjon og ei meining enn vere vakkert å sjå på. I denne perioden gjorde plakatar blant anna nytte som propaganda.

De Stijl
1917 - 1928
De Stijl er ei kunstrørsle som reindyrka abstraksjon gjennom å redusere objekt til form og farge.
Kunstnarane abstraherte og forenkla uttrykka heilt til berre vertikale og horisontale linjer stod att. Dei brukte ofte berre primærfargane raudt, blått og gult saman med svart og kvitt.

Art deco
1920-1940
I art deco-stilen er forenkling og abstraksjon viktig. Art deco-plakatane var ofte fargerike, energiske, frodige og dramatiske.
Plakatene skulle uttrykkje fart og kraft. Moderne teknologi var eit populært motiv, som raske bilar, tog i stor fart og elegante passasjerbåtar.

Surrealisme
1920 - 1966
Surrealistane laga det dei kalla ein «absolutt realitet» som blandar dei to motsetnadene draum og verkelegheit, medvit og medvitsløyse. Dei måla ulogiske og merkelege scenar med kombinasjonar av gjenstandar i nye og overraskande samanhengar.
Det var ikkje berre ei biletkunstform, men ei politisk rørsle som jobba for total menneskeleg frigjering frå moralske og estetiske reglar.

Den nye typografien
1920 - 1940
I mellomkrigstida kom stilretninga som vart kalla «den nye typografien». Ideen var å få fram bodskapen på ein mest mogleg effektiv måte. Det førte til at pynt og dekor skulle skrellast vekk slik at teksten kom tydeleg fram.
Skriftgrupper med god lesbarheit, som grotesk og gammalantikva, var å føretrekkje. For å gjere komposisjonen meir interessant og framheve tekst vart det også oppfordra til å bruke vertikale og skrå tekstlinjer.

Abstrakt ekspresjonisme
1940 - 1960
Abstrakt ekspresjonisme oppstod i New York i etterkrigstida. Kunstforma var inspirert av surrealismen og gjekk ut på spontan, automatisk eller undermedvite design av kunstverk. Det gir ikkje ein bestemt stil, men blir brukt om ulike stilar som var rebelske og imot det etablerte.
«Action painting», der kunstnaren gir uttrykk for kjenslene sine gjennom å kaste, drype og gni måling på eit lerret, er eit eksempel på dette. Andre kunstnarar fokuserte på å ha store, farga felt der fargesymbolikken skulle bringe fram kjensler hos mottakaren.

Pop art
1950 - 1970
Popkunst er ei forkorting av «populærkunst». Stilretninga viser til at motiv og teknikkar er henta frå populærkulturen.
Kunstnarar lét seg inspirere av forbrukarkulturen og brukte element og uttrykk frå reklame og anna som var typisk i tida, som teikneseriar, produktdesign og TV.

Minimalisme
1960 - 1970
Minimalisme går ut på å redusere form og verkemiddel ned til det aller nødvendigaste. Tanken er å gå bort frå kunstnaren sitt behov for å uttrykkje seg, som i abstrakt ekspresjonisme, og komme meir tydeleg til poenget.
Geometriske former, repetisjon og reine flater kjenneteiknar denne typen kunst. Uttrykket «less is more», som hintar til at enkle uttrykk kan ha sterkare effekt enn dei komplekse, kan brukast om denne kunstretninga.

Psykedelisk stil
1964 -1970
Den psykedeliske kunsten oppstod i 1960-åra i den såkalla hippietida. Den store hippiesommaren var i 1967, då alt eksploderte i «flower power», fargar, antiautoritære haldningar og pasifistiske rørsler.
Stilen er prega av svingande og svaiande former med sterk og kraftig fargebruk. Typiske dekorelement var marmorerte oljemønster, surrealistiske motiv og veldige, optiske mønster. Typografien var gjerne bølgjande og fordreia.

Op Art
1960 - 1970
Op art er forkorting for «optisk kunst». Det består som oftast av delar med ulike fargar, gjerne svart og kvitt eller andre sterke fargekontrastar, som gir mottakaren inntrykk av at biletet rører på seg, vibrerer, trekkjer seg saman eller ekspanderer.
Optisk kunst omfattar også bilete der det er skjulte bilete i biletet, eller at det kan oppfattast på fleire måtar.

Pikselkunst
1970 - 1990
Pikselkunst vart ofte laga til datamaskinar og tidlege spelkonsollar. Med låg oppløysing og få fargar var utfordringa å vise kompliserte konsept på ein effektiv måte.
Datamaskinar vart raskare og skjermoppløysinga vart betre, noko som førte til at 3D-grafikk kunne køyrast på ein vanleg heime-PC.
Pikselkunsten mista då populariteten sin, men i dei seinare åra har denne stilen vorte teken opp att som «retro» og er aktuell både i spel og andre medium.
Relatert innhald
Vel ein stilepoke. Sett deg grundig inn i han og presenter for medelevar.