Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Studer og presenter ein epoke

Kva kjenneteiknar stilen til kunstverk eller medieuttrykk for stilepoken de har valt å jobbe med? Studer og presenter!

Studér ein stilepoke

I denne oppgåva skal de gå i grupper på to eller tre, velje ein stilepoke, setje dykk grundig inn i han og presentere han for klassen.

Menneske har alltid sett visuelle spor etter seg. Det finst fleire tusen år gamle holemåleri og helleristningar med bilete av dyr og menneske, og av scenar frå jakt og fiske. I dag blir det spraya graffiti på murvegger og T-banevogner. Aktiviteten er på sett og vis den same, men det visuelle uttrykket er ulikt.

1. Samanlikn

Sjå på dei to illustrasjonane under. Dei er frå to ulike periodar, det er fleire tusen år mellom dei. På kva måte kan dei to illustrasjonane seie noko om kva folk på den tida var opptekne av, og kva slags verktøy og teknikkar dei hadde tilgang til?

2. Gjer research

Vel ein epoke frå stilhistoria eller filmhistoria. Bruk gjerne oversikta i fagartikkelen "Stilhistorie og uttrykkshistorie". Bruk nettsøk i arbeidet.

Sett dykk inn i epoken

  1. Korleis var tidsperioden då denne stilepoken dominerte? Kva prega verdssamfunnet på den tida?

  2. Kva var folk opptekne av på den tida? Var det mellomkrigstid og uro, eller kanskje hippietid og "flower power"?

  3. Kven er dei mest kjende kunstnarane innan stilepoken, og kvar heldt dei til?

Finn bilete frå epoken

  1. Finn døme på kunstverk frå stilepoken, finn òg fram informasjon om kunstverka.

  2. Diskuter og samanlikn uttrykka med tanke på

    • motiv
    • fargebruk

    • teknikkar

    • stil

3. Lag ein presentasjon

Bruk bilete, vis døme, peik og forklar. Presentasjonen skal organiserast slik:

  1. stilretning (nemn tid og stad)

  2. kjenneteikn på verdssamfunnet

  3. dagsorden og trendar for epoken

  4. kjende kunstnarar og kunstverk

4. Notér frå andre sin presentasjon

Ta notat når dei andre gruppene presenterer stilretningane dei har valt.

Relatert innhald

Tre tips til presentasjonar

Tre tips til ein god presentasjon: Kven presenterer du til? Lag ein visuell presentasjon med få ord. Sist, men ikkje minst: Øv!

Stilhistorie og uttrykkshistorie

Vi bruker tidlegare stilartar og trendar kreativt i idéutvikling, produksjon av medieuttrykk og ikkje minst for å forstå vår eiga tid og kultur betre.

Skrive av Ellen Johansen og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 05.11.2026