Nye aktørar og kanalprofilar (1990-talet)

I 1990 opna Stortinget for riksdekkande reklame-TV i Noreg. Som bakgrunn for vedtaket hadde Bore-utvalet under leiing av sjefredaktør Thor Bjarne Bore i Stavanger Aftenblad foreslått at ein ny TV-kanal i Noreg burde etablerast som ein lisens- og reklamefinansiert kanal uavhengig av NRK.
Einar Førde frå Arbeidarpartiet var kringkastingssjef då NRK fekk konkurranse frå kommersielt fjernsyn. Han hadde stillinga frå 1989 til 2001. Høyr Henrik Bastiansen fortelje meir i klippet "Kringkastingssjef Einar Førde" hos NRK Skole.
TV 2 starta sendingane sine 5. september 1992 frå Grieghallen i Bergen. Den første programdirektøren i kanalen, Dan Børge Akerø, var programleiar. Sendinga vart sett av 1,7 millionar nordmenn, men sidan det originalt nok var ei samsending med NRK, var det to tredjedelar av desse som såg sendinga på statskanalen. TV 2 sin eigen sjåarrekord er finalen i talentkonkurransen "Idol" frå 2005 med 1,3 millionar sjåarar. Den første administrerande direktøren i TV 2 var Bjørn Atle Holter-Hovind, som var knytt til Schibsted-konsernet. I 1993 vart han etterfølgd av reklamemannen Arne A. Jensen.
Det same året hadde TV 2 stor suksess med komiserien "Mot i brøstet". Med alpin-VM i Sestriere i 1997 markerte TV 2 seg for alvor som sportskanal. Og i 1998 skreiv dei norsk TV-historie med oppstarten av den første TV-såpeserien med daglege episodar: "Hotel Cæsar". I 1999 overtok Kåre Valebrokk, tidlegare redaktør av Dagens Næringsliv, som administrerande direktør i TV 2. Det førte til ei sterkare satsing på aktualitetsprogram, mellom anna "Rikets tilstand" med Gerhard Helskog som programleiar.
I 1992 vart det kunngjort konsesjon på drift av ein riksdekkande kommersiell radiokanal i Noreg. Det var to søkarar, Radio 1 Norge frå Aller-gruppa og Radio Hele Norge AS med Modern Times Group på eigarsida og den tidlegare NRK-medarbeidaren Kalle Lisberg som ein av frontfigurane. Radio Hele Norge stakk av med konsesjonen og starta sendingane sine frå P4 sitt hovudkontor på Lillehammer 15. september 1993.
P4s Radiofrokost
Tekstversjon
(Jingle:) P4s Radiofrokost med Tor Andersen!
Studiovert (med musikk i bakgrunnen): Der passerte klokka tre minutt over seks. God morgon, god dag, vel møtt til starten på dagens Radiofrokost. Bjørn er borte, men heldigvis ikkje borte vekk, berre borte for tre timar og på plass igjen i morgon tidleg, medan skodespelar og filmregissør Liv Ullmann kan feire 65-årsdagen sin i dag, og komponist Benny Andersson kan skryte av at han har greidd å komme seg fram til 57-årsdagen. Gratulerer, gratulerer.
(Reklamespot, jingle og kvinnestemme:) Vinteren er sponsa av Subaru.
Studiovert (med musikk i bakgrunnen): På Spitsbergen blir det stort fint vêr i dag. I Finnmark og Troms blir det enkelte snøbyer som vesentleg kjem i ytre strøk, og det blir fint vêr på Finnmarksvidda. I Nordland blir det litt snø. I Trøndelag, Møre og Romsdal: litt snø her òg. Men vi har allereie fått trafikkrapportar som tyder på at det er jul på vegane i Trøndelag, kanskje andre stader òg. Vi får sjekke detaljane etter kvart. Vestlandet sør for Stad får etter kvart litt snø i dag, men seinare òg regn i ytre strøk. Og i kveld blir det ein sørvestleg liten storm ved Stad. Fjellet i Sør-Noreg får litt snø, og austafjells blir det stort sett fint vêr med litt sludd og snø i Agder utpå dagen. I ettermiddag og i kveld blir det litt snø òg på Austlandet.
(Reklamespot, jingle og kvinnestemme:) Dei vanskelege køyreforholda er sponsa av Subaru.
(Musikk)
Studiovert (med musikk i bakgrunnen): I trafikken er det relativt stille og roleg førebels, men dei meir personlege trafikkmeldarane våre, som til dømes Magnus avisbod, fortel om ein kuldegrad og tett snøvêr og glatte vegar i Trondheim. "Jula er snart over oss, kanskje på tide å kjøpe julegåver?" spør Magnus. Og viss du vil ha eit svar på det, Magnus, så kan svaret vere: Ja, det kan vere at tida er inne for å kjøpe julegåver. På riksveg 35 Hønefoss–Roa er det gode køyreforhold, litt glatt utanfor hjulspora og ti minusgradar, fortel Goman-køyraren vår, medan det er maitørre vegar og null spetakkel på strekninga Hamar–Lillehammer, seier Tank-Helge 005. Og god morgon, kjem det frå Mysen og Beate utvandrar som hittil har bomma på tre søte bambiar. Heldigvis! Jaså, Beate, du går Terje fartsblind ein høg gang? Tørre fine vegar er det vel som har redda deg i dag, Beate. Minus to til fire gradar på strekninga Lennartfors–Mysen. På riksveg 7 mellom Hønefoss og Gol er det litt småglatt i kantane, seier Cowboy-Laila. Og har du ei trafikkmelding du har lyst til å sende, så sender du ho til 1904 og merker ho med "trafikk". Så kan du jo sjølvsagt ringe trafikkredaksjonen vår, då ringer du 04400. Og sannsynlegvis har du stor glede av å registrere at The Police no har sett i gang med "Every breath you take". Hald fram med å puste!
Omtrent samtidig, 2. oktober 1993, etablerte NRK den tredje radiokanalen sin, P3. Dette var berre ein del av den store omlegginga av NRK sitt radiotilbod som Tor Fuglevik hadde planlagt. Han hadde etterfølgt Olav Nilssen som radiodirektør i 1988. Det frittståande NRK P2 på Tyholt hadde blitt ein suksess som særleg trekte yngre lyttarar til sendingane sine.

Etableringa av NRK sin trekanal-radio i 1993, etter kvart supplert med fleire heildigitale nisjekanalar, viste seg å vere ein vinnar i radiomarknaden. NRK er framleis den sterkaste allmennkringkastaren i verda målt i lyttaroppslutning.
To radioprogram som vart sentrale for populariteten til P3:
Herreavdelingen på NRK P3
Tekstversjon
(Vignett)
Harald: Ja, hjarteleg velkommen til Herreavdelingen med Bård og Harald på sjølvaste julaftan.
Bård: Det er morosamt å seie fire og tjuande desember. Det var ganske tilfeldig. Vi er her kvar onsdag, og så var onsdag på julaftan. Og det er faktisk veldig koseleg i NRK akkurat no. Det er det. Det er god lukt, juletre og nokre små nissar.
Harald: Og som ei overrasking til dykk lyttarar har vi bestemt at denne sendinga skal vere ei reprisesending.
Bård: Ja.
Harald: Som jo er det koselegaste av det koselege.
Bård: Ja, det er ikkje fordi vi ikkje klart å finne på morosame ting om jula.
Harald: Nei, nei, nei.
Bård: Det er berre fordi at dei tinga vi har plukka ut, synest vi er ganske koselege og morosame ...
Harald: ... og passar til høgtida i jula.
Bård: Det gjer det. Ja, men det kjem òg overraskingar i tillegg til det vi har gjort før.
Harald: Men Bård, det er jul. Og kvar skal du feire julaftan i kveld?
Bård: Eg skal setje meg på toget etter sending og dra til Skien saman med familien. Og det er ganske koseleg, for eg har ein nevø på fem år. Og då eg spurde han førre veke kva han ønsker seg til jul, så sa han at han berre ønskte seg ein presang. Så spurde eg kva slags presang. Og då såg han berre dumt på meg og sa: "Eg ønsker meg berre ein presang." For han visste jo ikkje at det var det som var inni som var det viktigaste, han trudde at presang var ...
Harald: Ja, presang er jo berre eit ord. Det er jo det som er inni papiret som tel. Det er det som er gåva. Det som er rundt, det er jo innpakkingspapir. Det er berre noko ein får i butikken. Eg veit jo det.
Bård: Det stemmer.
Harald: Eg kjenner jo godt til juletradisjonen. Ein har eit tre. Så feirar ein litt sånn at Jesus vart fødd, og dei fleste av oss trur jo ikkje på at han var Guds son, men ein dyktig snikkar, ja vel. Men eg blir synast ikkje det er nokon grunn til å feire at ein snikkar vart fødd i ein stall, ærleg talt.
Bård: Kva er det du prøver å seie no?
Harald: Eg prøver å seie at eg faktisk ikkje feirar jul, ikkje presangar og sånn, for eg, familien og sånn, vi er jo Jehovas vitne, og no snakkar ikkje meir om det. Slutt.
Bård: Ikkje snakke meir om det?
Harald: Nei.
Bård: På julaftan? Det er framleis koseleg i studio, men det hadde vore koselegare viss eg hadde ein presang til deg.
Harald: Det kan eg ikkje ta imot. Det ville vere å forråde Jehovas vitne. Kva er det?
Bård: Eg kan ikkje røpe det. Eg kan berre røpe at det er ei ... (bankelydar) at det er ei sprayflaske. (Knitring i papir.) Eg kan berre gi ho bort til nokre andre.
Harald: Hei, kva er det? Er det gass?
Bård: Det er gass.
Harald: Kan eg ikkje få den presangen der?
Bård: Eg kan ikkje seie kva slags gass det er.
Harald: Det er krympegass, ikkje sant? Drit og dra, heile Jehovas vitne, få krympegassen!
Bård: Ver så god.
Harald: Juhu! Det har eg alltid ønskt meg, Bård. Kan eg gå tilbake til Jehova, eller er det for seint?
Bård: No er det nok for seint. No er du såpass langt ned på lista at ... Men viss du går tre gonger rundt juletreet og går til klappeland ...
Harald: Eg føler at eg høyrer heime i klappeland, i klappeland, i klappeland.
Bård: Kan du klappe?
Irma 1000 på NRK P3
Tekstversjon
(Reallyd: småprat og musikk i bakgrunnen)
(Kvinnestemmer i høgtalaranlegg:)
Dette er Irma 1000s kunderadio. Velkommen til ein god handel her hos oss. Takk!
I dag har vi tilbod på hermetikk. Ta ein titt til hermetikkhylla og la deg freiste av fersk hermetikk frå heile landet. Og andre land òg. Takk!
Hallo! Vi treng ein sju–åtte mann til pakkedisken med ein gong. Takk!
No kostar heilmjølka berre halv pris. Ta med ein ekstra liter mjølk og overrask kona med noko godt. Takk!
Eit par ekstra folk til pakkedisken, takk!
(Ropande:) Fy flate, kven har teke brusen min! (Med vanleg stemme:) Det er framleis hermetiske tilbod i butikken. Ta ein titt sjæl. Takk!
Som ei følge av etableringa av P3 og P4 tapte nærradioane raskt terreng. P4 såg på si side at NRK sin nye trekanal-radio ikkje tok godt nok vare på dei som hadde lytta på "gamle" P2, og satsa derfor bevisst på å nå fram til desse med ei gjennomtenkt musikkformatering.
Resultatet vart at vi allereie i 1994 fekk ei heilt anna fordeling av marknadsdelane i den norske radiomarknaden: NRK P1 hadde langt på veg behalde posisjonen sin med 46 prosent marknadsdel, mens NRK P2 berre hadde ei oppslutning på 6 prosent. NRK P3 overoppfylte sine måltal med 12 prosent, delvis fordi kanalen måtte fungere som sportskanalen i radioen ved lange direktesendingar.
P4 oppnådde overraskande raskt ein marknadsdel på 21 prosent av radiolyttinga, mens lokalradioane samla fekk ein redusert marknadsdel på 14 prosent. Utover på 1990-talet gjekk talet på nærradioar ned.
Radio 1-nettverket vart etablert av Aller-gruppa for å styrke nærradioane økonomisk, men i 1996 avgrensa Radio 1 seg til å vere ein rein storbyradio. I 1998 kom franske NRJ (Energy) inn på den norske marknaden og vart den leiande musikkradioen for ungdom frå 12 til 34 år.
Det store teknologiske gjennombrotet innan medium og kommunikasjon på 1990-talet var etableringa av eit nytt internasjonalt datanettverk, World Wide Web (www).
Kva kunne så denne nye kommunikasjonskanalen brukast til, bortsett frå at vitskapsfolk kunne utveksle dokument med kvarandre?
Ganske tidleg såg aviser og tidsskrift ei moglegheit til å få breiare distribusjon gjennom det nye mediet. Derfor fekk vi på midten av 1990-talet ein eksplosjon i registreringa av såkalla "nettaviser" i Brønnøysundregistera. Først ute var musikkavisa Panorama 1. mars 1995. Veka etter kom Brønnøysunds Avis på nett, og to dagar seinare var Dagbladet.no ein realitet.
Allereie hausten 1994 etablerte radioprogrammet "Radionettet" på P2 dei første nettsidene, Radionettet, i samarbeid med informatikkstudentar ved Høgskolen i Østfold. NRK var dermed truleg den første mediebedrifta i Noreg som hadde eigne nettsider.
Dei to medarbeidarane i NRK som stod bak radioprogrammet, og som 1. oktober 1995 leverte ei utgreiing til kringkastingssjef Einar Førde om korleis kringkastinga kunne nyttiggjere seg internett, var Rolf Brandrud og Tom W. Ottmar. I rapporten tilrådde dei at NRK etablerte ei eiga lita eining som skulle få i oppdrag å utvikle nettstaden Nrk.no. Dei tre basistenestene dei foreslo å starte med, kan verke beskjedne i dag: ei nyheitsteneste basert på NRK sin store redaksjonelle stab, moglegheit for tekstsøk i NRK-arkivet og utsending av radioprogram på bestilling.