Oppgave
Refleksjonsoppgåver – mediehistorie
Refleksjonsoppgåver til internasjonal mediehistorie. Oppgåvesettet kan ein bruke på ei heildagsprøve i mediehistorie.
- Alle revolusjonar har sine eigne årsaker og verknader. Men enkelte historikarar meiner at brå og omfattande endringar i media fører til endringar i heile samfunnsstrukturen. Leit fram eksempel som kan bekrefte denne hypotesen. Kva meiner du?
- «Folk har ikkje berre slutta å kjøpe desse gamaldagse tinga som ein kallar bøker, men til og med å lese dei!» Dette sa ein skotsk trykkar i 1844. Er han i ferd med å få rett? Kva meiner du om framtida for boka? Grunngi svaret.
- Edvard Murrow blei ein av dei mest respekterte radioreporterane under krigen. Søk opp nokre av reportasjane hans. Kva meiner du det er som gjorde dei så verksame?
- I 1910 var danske Nordisk Film det nest største filmselskapet i verda. Korleis var det mogleg for eit så lite land å oppnå dette, og kvifor er det annleis i dag?
Relatert innhald
Fagstoff
Internasjonal mediehistorieI tusenar av år har menneske kommunisert ved hjelp av ulike teknologiar. Det har forma kulturen vår.