Øvelse
Presse og samfunnsutvikling
Lytt til videoføredraget til professor Martin Eide ved Universitetet i Bergen. Noter ned viktige stikkord, og bruk det du lærer, til å reflektere over den makta norske aviser har i dag.
Føredraget er bygd på eit essay som du også kan lese her: Tidspuls og pressemakt
- Kva for eksempel kjem Martin Eide med for å beskrive den samfunnsmakta avisene har?
- Kva rolle spelte avisene i nasjonsbygginga etter 1905 og i gjenreisinga etter 1945?
- Det blir ofte sagt at pressa er «den fjerde samfunnsmakta». Kvifor blir pressa omtalt slik?
Kva for nokre er dei tre andre samfunnsmaktene? - Korleis har pressa sjølv formulert samfunnsoppdraget sitt i Ver Varsam-plakaten?
- Eide seier: «I avisa blir samtidshistoria skriven kvar dag.» Studer forsida til seks norske aviser i 1905. Kva er avisene opptekne av det året?
- Ta for deg dagens papiraviser og gje ei kort oversikt over dagen i dag basert på dei historiene avisene vidareformidlar.
Relatert innhald
Fagstoff
Pressa si rolle i norsk historieEit essay om avisa si rolle i det norske samfunnet. Martin Eide er professor ved institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen.