Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Norske avissider i hundre år

Samanlikn innhald, overskrifter, bilete, annonsar og layout på framsida til Aftenposten frå 1910 og fram til vår tid.

Ta utgangspunkt i sida Hundre år med Aftenposten. Samanlikn framsida til avisa i frå 1910 til i dag.

1. Saker

  1. Kva handlar sakene på framsida om i 1910?

  2. Når får framsida ein tydeleg nyheitsprofil?

  3. Kor stor del av sakene på dei elleve framsidene frå 1910 til 2010 er innanrikssaker, og kor stor del er utanrikssaker ?

2. Overskrifter

  1. Finn eksempel på ei typiske avisoverskrift frå kvar av dei elleve framsidene.

  2. Finn eksempel på ei typisk overskrift i dagens nettutgåve av Aftenposten.

  3. Har måten overskriftene er utforma på, endra seg i ei bestemt retning?

3. Bruk av bilete

  1. Kva type bilete blei brukte i 1910-utgåva?

  2. Når får vi dei første reportasjebileta på framsida?

  3. Når begynner avisa å bruke bilete som hovudoppslag på framsida?

  4. Kva tiår får vi dei første fargebileta på framsida?

  5. Kva type bilete blir brukte i dagens nettutgåve av Aftenposten?

4. Annonsar

  1. Kva for annonsar har fått plass på framsida i 1910?

  2. Kva for annonsar har fått plass på framsida i 2010?

  3. Kva for annonsar finn du i dagens nettutgåve av Aftenposten og korleis skil nettavisa mellom annonsar og redaksjonelt innhald?

5. Layout

  1. Korleis har den visuelle utforminga av framsida til Aftenposten endra seg i løpet av dei siste hundre åra?

  2. Kva for tekniske nyvinningar har skjedd i denne perioden som har endra måten framsida blir utforma på?

  3. Korleis skil utforminga av Aftenposten si nettavis seg frå måten ei tradisjonell papiravis er utforma på?

  4. Korleis blir form og innhald påverka av digital produksjon og distribusjon?

Relatert innhald

Hundre år med Aftenposten

Saman med Aftenpostens digitalarkiv og Avis i skolen viser vi korleis innhald og utsjånad har endra seg i løpet av dei siste hundre åra.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 26.03.2026