Etablering av ei statleg kringkasting

Det var ei samansett rekkje av hendingar som førte til at Stortinget 22. juni 1933 vedtok at kringkastingsverksemda i Noreg frå 1. juli same året skulle organiserast gjennom eit statleg selskap: Norsk rikskringkasting (NRK) fekk monopol på kringkasting, ein einerett selskapet hadde fram til 1982.
Overgangen frå privat til offentleg kringkasting skjedde nesten umerkeleg. Heile den faste staben i både Oslo og Bergen følgde med over i den nye institusjonen. Programavdelingane heldt fram med sine sjefar for musikk og teater. Sendetidene vart heller ikkje vesentleg endra, frå åtte timar og ti minuttar dagleg i 1933 til ni og ein halv time i 1938.
Ein skulle derfor tru at det òg for programtilbodet vart små endringar. Men her førte både tekniske nyvinningar og institusjonen si nye rolle som offentleg organ til merkbare endringar for lyttarane. Programma vart gjennomgåande kortare, slik at talet på program vart nærare dobla frå 1930 til 1940.
Historikar og medievitar Hans Fredrik Dahl nemner tre nye redaksjonelle prinsipp som gav programstoffet i radio ei dreiing:
- prinsippet om den samfunnsmessige nytten av radioprogrammet
- prinsippet om forrang for nasjonalt innhald
- prinsippet om NRK si eiga, sjølvstendige redigering av stoffet
Idealet for verksemda vart slik sett folkeopplysning gjennom norsk stoff, som var tilrettelagt for radio av NRK sjølv. Hos enkelte kritikarar vart nok desse prinsippa oppfatta som ei dreiing mot ein dødsens alvorleg "belæringsanstalt", som "synes fullstendig å ha glemt at de som betaler sin lytteravgift, ikke gjør det for på nytt å gå på skole …" (Dahl, 1999, s. 258).

Ein av dei nye medarbeidarane i NRK var Toralv Øksnevad, tidlegare utanriksredaktør i Dagbladet. Mens nyheitssendingane i radioen tidlegare hadde bestått av opplesing av meldingane frå Norsk Telegrambyrå (NTB), vart det no slege fast at aktualitetsavdelinga skulle redigere nyheitene sine sjølv. Fordi ein var usikker på avtalen med NTB, som var eigd av avisene, vart denne supplert med ein avtale med United Press (UP).
Kvar enkelt nyheitsmelding vart korta ned til fem–seks linjer, og dei skulle vurderast ut frå sin direkte nyheitsverdi. Etter Øksnevad si oppfatning betydde det neddemping av pressa sitt tradisjonelle sensasjonsstoff knytt til ulykker og brotsverk, og oppgradering av politisk kommentarstoff, ikkje minst utanriksstoffet.
Brann på Frydenlund Bryggeri, Julius Hougen 1936
Tekstversjon
Reporter: Litt før klokka åtte i kveld byrja det å brenne i Frydenlunds store bryggeri oppe i Pilestredet. Vi er der oppe med mikrofonen no ved halv-ti-tida, og då brenn det ganske kolossalt inne på det veldige området som bryggeriet dekker. Flammane slikkar høgt mot himmelen, og vi ser brannkonstablane som svarte silhuettar oppå stillasa. Vi skal spørje eigaren av bryggeriet direktør Platou om korleis denne brannen er oppstått. Når vart De varsla om brann, direktør Platou?
Direktør Platou: Eg vart varsla då eg sat i teateret klokka åtte, omtrent. Portvakta oppdaga elden i halv-åtte-tida og varsla då naturlegvis brannvesenet, slik som instruksen er, og dei kom på pletten før han praktisk talt fekk snudd seg.
Reporter: Kva del av bedrifta er det som brenn?
Direktør Platou: Det er den delen som er minst sjenerande for oss. I den har vi ein fem–seks hundre tusen tomflasker som vi naturlegvis skulle bruke i løpet av sommaren, men dei er det jo lett å få erstatta med nye. Og så er det ein heil del tomemballasje som vi jo likeins vil kunne skaffe på kort tid. Det er derfor ingen grunn til å tru at det blir nokon avbrekk i drifta eller nokon skade på dei produkta som publikum i første rekke stiftar kjennskap med.
Reporter (lattermild): De har ikkje prøvd å bruke dei til sløkkinga?
Direktør Platou: Nei, vi har ikkje det. Det skal vi la andre folk bruke.
Reporter: Eg ser det er stillas omkring eit av desse husa. Er det nybygget som er i brann?
Direktør Platou: Ja, det er det det huset som brenn, og det som vi skulle bygge på, og som skulle innreiast med nye kvilestover for arbeidarane. Det får vi no rive ned gratis, og det er naturlegvis ein fordel, men ikkje akkurat på den måten vi hadde tenkt oss det.
Reporter: Nei, kan dei seie oss kva dette vil bety i pengar?
Direktør Platou: Brannassuransen for dei husa som brenn, er på 500 000 kroner, og dei maskinelle innretningane som er knytte til huset, er på omtrent det same beløpet.
Reporter: Det blir ikkje nokre arbeidarar ledige no på grunn av dette?
Direktør Platou: Nei, tvert imot. Det blir fleire tilsette. Ver så god.
Reporter: Og har ein kjensla av at elden blir avgrensa til denne eine bygningen?
Direktør Platou: Ja, absolutt, det er det ikkje tvil om. Eg er ikkje det minste nervøs.
Reporter: Og det er ingen fare for resten av bedrifta eller for bygningane omkring?
Direktør Platou: Nei, ikkje tale om.
Reporter: Ja, det var då hyggeleg å høyre det.
Direktør Platou: Alt kjem til å gå sånn som det skal gjere på eit bryggeri om sommaren.
Reporter: Takk skal De ha. Ja, det brenn framleis livleg her oppe, og Oslo brannvesen har naturleg køyrt ut med alt det dei eig og har av materiell. Det ligg slangar her tett i tett bortover heile gardsplassen. Gatene omkring bryggeriet er fullstappa av menneske, og på alle taka har dei krope opp for å få best mogleg oversikt. Nede frå sjølve gata ser ein kanskje ikkje så mykje, fordi at dei store murveggene skjuler sjølve flammehavet. Vi ser berre spissane av ildtungene som slikkar opp imot himmelen. Men som vi høyrde av direktør Platou, så er no elden avgrensa, og med den gledelege opplysninga kan vi då slutte dette vesle opptaket frå brannen på Frydenlunds Bryggeri.
Kåseri om skikkar til sjøs med med T. Stamsø
Tekstversjon
Vyrde lyttarar! Neppe nokon annan stand har hatt så stor sans for tradisjonar og skikkar som sjømannsstanden. Det kjem vel av at livet til sjøs har arta seg så reint ulikt frå det som har med landjord å gjere. Dei månadlange reisene i seglskutetida, då sjøfolka låg utestengde frå verda, og ikkje minst forståinga for at alle i besetninga var knytte saman i ein felles lagnad, bestemt av luna til naturen, gav sjømannsstanden eit særpreg.
No i tidsalderen til maskinene blir særpreget til sjømannsstanden meir og meir utviska, og med industrialiseringa på sjøen går tradisjonar og skikkar i gløymeboka. Men noko vil likevel bli ståande, sjølv om opphavet er gløymd.
Livet om bord på seilskutene var så spekka med skikkar og former at det ikkje gav den strengaste hoffetiketten særs etter. Og ein stakkars nybyrjar gjekk heile dagen i fare for å snuble over ein eller annan regel for god tone. Ja, han hadde god grunn til å bli nervøs, for det å støyte an mot ein av dei uskrivne lovene til sjøen blei ikkje særleg nådig oppteke. Og mang ein førstereisgut har fått ein sjøstøvel i akterenden utan å ane kva vondt han hadde gjort. Ofte hadde lovbrotet hans ikkje bestått i anna enn at han i luttar tenesteiver hadde stilt seg i førehanda når det skulle haldast i brasar. Men slikt gjer ein berre ein gong i livet sitt. Eit jarngrep i nakken, og han før nemnde sjøstøvvel i halepartiet, ville på "no taime" ekspedere han vekk frå dei fullrøynde privilegertes plass og sende han i akterhånden, der han høyrde heime.
Det utalet av skikkar som prega det daglege livet om bord hadde rota si i praktiske forholdsreglar, men var etter kvart gått over til å bli reglar for god tone. Når ein skulle gå til vêrs, altså entré opp i riggen, måtte det alltid skje på lo side. Når skuten låg bidevind og krengde kraftig over, var det naturlegvis særs lettare å gå opp til lovart enn i le.

Dei fleste radiomottakarane var i 1920-åra og første halvdel av 1930-åra produserte i utlandet. Dei tre største fabrikkane, Jan Wessel Radiofabrikk, Salve Staubo Radiofabrikk og Tandberg Radiofabrikk, hadde alle i 1940 produsert rundt rekna 100 000 mottakarar kvar.
NRK var likevel ikkje tilfreds med veksten i talet på lisensbetalarar, og trudde kanskje prisen på mottakarapparata kunne vere ei av årsakene. NRK sette derfor i gang produksjon av den rimelege folkemottakaren, som det i siste halvdel av 1930-talet vart selt 35 000 eksemplar av, mellom anna gjennom samvirkelaga.
I tillegg til lisensinntektene knytte til kjøp av radiomottakarar hadde kringkastinga i Noreg heilt sidan 1925 hatt reklamesendingar. Og det vart heller inga endring av dette etter sommaren 1933. Reklamesendingane utgjorde rundt tre prosent av total sendetid og ein tilsvarande del av dei totale inntektene.
For programmedarbeidarane i NRK var reklamen ein uting. Dei meinte reklamesendingane opna for ein utilbørleg innverknad på innhaldet i sendingane. Heller ikkje pressa var glad i radioreklame, først og fremst fordi han reduserte deira eigne annonseinntekter. Kyrkje- og undervisningsminister Nils Hjelmtveit sa i 1939 at reklamen "med tid og stunder bør bort fra vårt kringkastingsprogram" (henvist i Dahl, 1999, s. 329).
Styret gjorde likevel ingenting med saka, og det vart korvettenkapitän Hahn frå den tyske okkupasjonsmakta som 10. april 1940 skar gjennom alle omsyn med eit kategorisk og omgåande forbod mot all radioreklame. Tyskarane frykta at reklamesendingane kunne innehalde skjulte meldingar.
Då NRK vart etablert i 1933, var det rundt 131 000 lisensbetalarar i Noreg. Våren 1940 hadde talet stige til rundt 420 000.
Radioreklame for vaskemiddelet Persil frå 1930-åra
Tekstversjon
(Forspel som blir spelt på piano og trekkspell)
(Song:)
Har du vært til stedeog hørt slik glede
juble frem fra en sang
som når Marte vasker og vrir og plaskerover sin balje dagen lang?
Det er bryggerhuset melodisom hun hele dagen lar oss høre.Den er fylt av glade smil,
og den handler om Persil,bryggerhusets melodi.
Nei, det va'kke slik i gamle da'r,da gikk vasken tungt og ryggen verket,
og så sent som alt ble rent
den gang lød den ikke pent,
bryggerhusets melodi.
Hei og hå-å,Marte er blid,kommer på glid,nå har a tid.Hei og hå-å,Uten Persil,ikke noe smil,slett ingen hvil.
Derfor bruk Persil som Martemor,da går vasken lett som selve dansen,
og da får du også tidtil å nynne litt på si'bryggerhusets melodi.
Derfor bruk Persil som Martemor,da går vasken lett som selve dansen,
og da får du også tidtil å nynne litt på si'bryggerhusets melodi.
Relatert innhald
Lag ein radiodokumentar der du intervjuar eldre personar i kommunen din om radioen sin gullalder på 1950-talet.