Generell definisjon av sinus, cosinus og tangens
Definisjon av sinus, cosinus og tangens til ein vinkel mellom 0° og 90°
I matematikk 1T startar vi med å definere sinus, cosinus og tangens til ein vinkel i ein rettvinkla trekant ved hjelp av forholdet mellom dei ulike sidene i trekanten.
Hugsar du kva vi kallar dei ulike sidene i trekanten nedanfor sett frå hjørnet ? Dra dei tre namna på rett plass i trekanten .
Hugsar du korleis vi definerte sinus, cosinus og tangens til vinkel i ein rettvinkla trekant? Dra rett uttrykk til rett stad i figuren nedanfor. Nokre av uttrykka blir ikkje brukte og skal dragast til feltet "Blir ikkje brukt".
Generell definisjon av sinus, cosinus og tangens til ein vinkel
Einingssirkelen
I 1T definerer vi òg dei trigonometriske funksjonane ved hjelp av einingssirkelen. Dette gjer at det til dømes blir mogleg å finne sinus til vinklar som er større enn 90 gradar.
Figuren viser ein sirkel med radius 1 og som er plassert med sentrum i origo i eit koordinatsystem. Ein slik sirkel kallar vi einingssirkelen. Eit punkt ligg på sirkelen. Vi kallar koordinatane til punktet for , og vinkelen mellom linjestykket mellom origo og og -aksen kallar vi .
Tenk over
Bruk figuren og definisjonane til sinus og cosinus til ein vinkel i ein rettvinkla trekant til å forklare kvifor
Vi definerer sinus og cosinus til vinkel slik:
-koordinaten til punktet
-koordinaten til punktet
Punktet ligg på einingssirkelen. Med denne definisjonen er det ikkje noko problem at vinkel blir større enn 90°.
Kvadrantar
I det vidare arbeidet med vinklar i koordinatsystemet vil det vere nyttig å dele koordinatsystemet i fire kvadrantar. Sjå figuren.
Nummereringa følger den positive rotasjonsretninga i einingssirkelen, som er mot klokka.
Vi plasserer ein vinkel med toppunkt i origo og eitt vinkelbein langs den positive -aksen slik som i figurane over. Dersom det andre vinkelbeinet ligg i andre kvadrant, seier vi at vinkelen ligg i andre kvadrant. Til dømes vil vinklar mellom 90° og 180° ligge i andre kvadrant.
Tenk over
I kva kvadrant ligg vinkel frå definisjonen over?
I kva kvadrant ligg ein vinkel på 200°?
Utforsking av einingssirkelen
Prøv sjølv
Dra i glidebrytaren for å endre på vinkelen 𝑣 i det interaktive GeoGebra-arket nedanfor. Observer samanhengen mellom vinkelen og sinus- og cosinusverdien til vinkelen.
Aktivitetar til den interaktive einingssirkelen
Bruk den interaktive einingssirkelen når du svarer på spørsmåla.
Kan sin 𝑣 og cos 𝑣 ha negative verdiar? For kva vinklar er funksjonane positive og negative?
Bruk det interaktive GeoGebra-arket til å finne , og .
Kan du finne to vinklar som har sinusverdi lik 0,5?
Kva trur du skjer med sinus, cosinus og tangens dersom ?
Kvifor kallar vi sirkelen vi har brukt på denne sida, einingssirkelen, trur du?