Generell definisjon av sinus, cosinus og tangens - Matematikk R2 - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Fagartikkel

Generell definisjon av sinus, cosinus og tangens

Vi ønsker å kunne berekne til dømes sinus til ein vinkel uansett kva verdi denne vinkelen har. Det får vi til ved å definere sinus til ein vinkel ved hjelp av einingssirkelen.

Definisjon av sinus, cosinus og tangens til ein vinkel mellom 0° og 90°

I matematikk 1T startar vi med å definere sinus, cosinus og tangens til ein vinkel i ein rettvinkla trekant ved hjelp av forholdet mellom dei ulike sidene i trekanten.

Hugsar du kva vi kallar dei ulike sidene i trekanten nedanfor sett frå hjørnet ? Dra dei tre namna på rett plass i trekanten .

Hugsar du korleis vi definerte sinus, cosinus og tangens til vinkel i ein rettvinkla trekant? Dra rett uttrykk til rett stad i figuren nedanfor. Nokre av uttrykka blir ikkje brukte og skal dragast til feltet "Blir ikkje brukt".

Generell definisjon av sinus, cosinus og tangens til ein vinkel

Einingssirkelen

I 1T definerer vi òg dei trigonometriske funksjonane ved hjelp av einingssirkelen. Dette gjer at det til dømes blir mogleg å finne sinus til vinklar som er større enn 90 gradar.

Figuren viser ein sirkel med radius 1 og som er plassert med sentrum i origo i eit koordinatsystem. Ein slik sirkel kallar vi einingssirkelen. Eit punkt ligg på sirkelen. Vi kallar koordinatane til punktet for , og vinkelen mellom linjestykket mellom origo og og -aksen kallar vi .

Tenk over

Bruk figuren og definisjonane til sinus og cosinus til ein vinkel i ein rettvinkla trekant til å forklare kvifor

  •  

Forklaring

:
Vi ser på den rettvinkla trekanten der hjørna består av origo, punktet og det raude punktet på -aksen. Av figuren får vi at motståande katet til vinkel er linjestykket mellom det raude punktet og . Linjestykket har lengda , som er -koordinaten til . Vi får

:
På same måte får vi at den hosliggande kateten til vinkel er linjestykket mellom origo og det raude punktet. Dette linjestykket har lengda , som er -koordinaten til . Vi får

:
Til slutt får vi at

Merk at vi i definisjonen for må krevje at .

Vi definerer sinus og cosinus til vinkel slik:

  • -koordinaten til punktet

  • -koordinaten til punktet

Punktet ligg på einingssirkelen. Med denne definisjonen er det ikkje noko problem at vinkel blir større enn 90°.

Kvadrantar

I det vidare arbeidet med vinklar i koordinatsystemet vil det vere nyttig å dele koordinatsystemet i fire kvadrantar. Sjå figuren.

Nummereringa følger den positive rotasjonsretninga i einingssirkelen, som er mot klokka.

Vi plasserer ein vinkel med toppunkt i origo og eitt vinkelbein langs den positive -aksen slik som i figurane over. Dersom det andre vinkelbeinet ligg i andre kvadrant, seier vi at vinkelen ligg i andre kvadrant. Til dømes vil vinklar mellom 90° og 180° ligge i andre kvadrant.

Tenk over

I kva kvadrant ligg vinkel frå definisjonen over?

Svar

Vinkel ligg i andre kvadrant.

I kva kvadrant ligg ein vinkel på 200°?

Svar

Den andre kvadranten sluttar på 180°, så vinkelen må ligge i tredje kvadrant. (Tredje kvadrant sluttar på 270°.)

Utforsking av einingssirkelen

Prøv sjølv

Dra i glidebrytaren for å endre på vinkelen 𝑣 i det interaktive GeoGebra-arket nedanfor. Observer samanhengen mellom vinkelen og sinus- og cosinusverdien til vinkelen.

Aktivitetar til den interaktive einingssirkelen

Bruk den interaktive einingssirkelen når du svarer på spørsmåla.

Kan sin 𝑣 og cos 𝑣 ha negative verdiar? For kva vinklar er funksjonane positive og negative?

Forklaring

Når punktet kjem utanfor første kvadrant, blir minst ein av dei trigonometriske funksjonane negativ.

Dersom vi dreg glidebrytaren over heile området, får vi at sin 𝑣 er større enn eller lik null frå 0 gradar til 180 gradar. er mindre enn null i intervallet frå 180 gradar til 360 gradar.

Vi får vidare at cos 𝑣 er større enn null når vinkelen 𝑣 er mellom 0 og 90 gradar og mellom 270 gradar og 360 gradar. mindre enn null når vinkelen er mellom 90 gradar og 270 gradar.

Matematisk:

(1. og 2. kvadrant)

 (3. og 4. kvadrant)

 (1. kvadrant og 4. kvadrant)

 (2. og 3. kvadrant)

Bruk det interaktive GeoGebra-arket til å finne , og .

Resultat

Kan du finne to vinklar som har sinusverdi lik 0,5?

Resultat

Ved å dra i glidebrytaren får vi at

Vi observerer at når vinkelen aukar frå 0 gradar til 90 gradar, aukar verdien for sin 𝑣 frå 0 til 1. Når vinkelen aukar vidare frå 90 gradar til 180 gradar, minkar verdien for sin 𝑣 frå 1 til 0. Det må bety at det finst to vinklar som har same sinusverdi i dette området, éin vinkel mellom 0 og 90 gradar og éin vinkel mellom 90 og 180 gradar.

I ei av oppgåvene skal du utforske meir om slike samanhengar.

Kva trur du skjer med sinus, cosinus og tangens dersom ?

Forklaring

Når , har vi den same situasjonen som når . Det må bety at

Kvifor kallar vi sirkelen vi har brukt på denne sida, einingssirkelen, trur du?

Svar

Sirkelen blir kalla einingssirkelen fordi han har radius lik 1.

Film om einingssirkelen

Video: Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0