Vase i pølse- eller plateteknikk

Tilrådde mål:
Botn: om lag 10 cm i diameter
Høgd: 30–40 cm (avhengig av storleiken på keramikkomnen)
Tjukn: 0,5–1,5 cm
Arbeidsprosess:

idémyldring: Lag skisser til ulike design på vasen, både på papir (2D) og i leire (3D).
Eksperimenter med tekstur og planlegg korleis du vil dekorere vasen.
Vel eit design og lag ei arbeidsteikning i målestokk 1:2
Vel om du vil bruke plate- eller pølseteknikk, og øv på teknikken før du byrjar å utforme vasen.
Instruksjonsfilmar
I filmen under (lengde 8:00) viser Åsne Raaen Solheim korleis du kan bruke plateteknikk til å bygge opp ein sylinder.
I filmen under (lengde 8:58) lærer ho deg korleis du kan bygge opp ei form ved hjelp av pølseteknikk trinn for trinn.
Om du ikkje har høve til å jobbe samanhengande, må du hugse å pakke den framveksande forma heilt tett inn i plast.
Den mjuke leireforma kan søkke saman av si eiga vekt. Etter kvart som forma veks, kan det vere lurt å la leira kvile og bli litt hardare før du går vidare.
Dekor
Bruk ulike planter eller gjenstandar til å trykke inn dekor, eller riss inn mønster ved hjelp at modelleringsverktøy.

Dersom du vel plateteknikk, er det lurt å lage teksturen før du set saman forma.
Ved bruk av pølseteknikk må du byggje opp hovudforma først. Fukt den delen du laga først, slik at tørrleiksgraden er nokolunde lik overalt. Start så finmodelleiring og å lage tekstur i leira.
Eigenvurdering
Skriv ei vurdering av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet ditt:
Korleis har du jobba med idéutvikling og eksperimentering?
Korleis har du brukt teknikkane, og korleis er kvaliteten på handverket i arbeidet ditt?
Kva synest du om det estetiske uttrykket?
Korleis fungerer forma og dekoren på vasen?Har du bidrege til å halde orden på verkstaden?
Innlevering
skisser
arbeidsteikning
vase
eigenvurdering av arbeidsprosessen og produktet ditt
Relatert innhald
Pølseteknikk er ein teknikk der du rullar pølser av leire som du legg og festar oppå kvarandre for å lage ei ståande form, ofte ein vase.
Du kan kjevle ut plater i leire og forme dei rundt eit objekt, eller du kan setje platene saman til nye former.