Plateteknikk

Kva er plateteknikk?
Plateteknikk er ein teknikk der du kjevlar ut plater i leire som du bruker til å konstruere med. Du kan forme platene rundt ein gjenstand eller i ei form.
Instruksjonsfilm
Åsne Raaen Solheim viser korleis du bør kjevle leire, i filmen under (lengde 1:34). Det kan vere lurt å bruke eit stoff å kjevle på. Då unngår du at leira festar seg til underlaget, og det er lettare å snu leireplata og kjevle henne på begge sider. Når du kjevlar, kan du bruke to like pinnar for å få ei jamn tjukne på plata.
Fat
Du kan legge ei leireplate inn i ulike former. Slik kan du til dømes formgi skåler og fat.

Instruksjonsfilm
I filmen under (lengde 6:46) blir det vist korleis du kan lage eit fat og skape tekstur ved å trykke plantar og gjenstandar inn i leira.
Sylinder
Når platene er mjuke, kan dei formast og eignar seg til å lage sylindrar og bølga former.

Instruksjonsfilm
I filmen under (lengde 8:00) demonstrerer Åsne Raaen Solheim korleis du kan bygge opp ein sylinder i leire.
Rette former
Når platene er lêrharde, blir dei stive og held betre på forma si. Då passar dei til å lage ting med rette former, slik som skrin og lyshus.
Instruksjonsfilm
I filmen under her (lengde 8:03) får du ei trinnvis forklaring på korleis du kan lage ein boks i leire.
Relatert innhald
Lær å lage eit keramikkfat med fuglemotiv i tekstur.
Lag ein telyshaldar ved hjelp av plateteknikk. Konsentrer deg først om å byggje forma. Etterpå kan du jobbe vidare med dekor og lage fleire ulike design.