Binomisk fordeling. Forventningsverdi, varians og standardavvik
I S1 lærte du om binomisk sannsynsfordeling. I ei binomisk sannsynsfordeling er tre vilkår oppfylte: Vi har berre to moglege utfall, sannsynet er lik i alle delforsøka, og alle delforsøka er uavhengige av kvarandre. Vi skal utleie formlar for forventningsverdi, varians og standardavvik i ei slik fordeling.
Praktisk døme

Vi tek utgangspunkt i eit døme der du skal ha ein fleirvalsprøve i matematikk, med ti oppgåver og fire svaralternativ på kvar oppgåve.
Vi lar den stokastiske variabelen vere talet på rette svar på éi oppgåve. kan då ha verdien 0 eller 1, noko som gir følgande sannsynsfordeling:
| 0 | 1 | |
|---|---|---|
No kan vi rekne ut forventningsverdien, variansen og standardavviket til :
Studer verdiane til forventningsverdien og standardavviket. Kan du sjå ein samanheng med sannsyna i tabellen?
Vi lar no vere talet på rette svar på prøven. Då har vi at
.
Vi kan no finne forventningsverdien, variansen og standardavviket til ved hjelp av det vi veit om summar av stokastiske variablar:
Generelle formlar
Vi kan generalisere desse utrekningane til formlar for forventningsverdi, varians og standardavvik i binomiske sannsynsfordelingar. Vi lar no variabelen vere talet på suksessar i eitt delforsøk, og som i dømet over kan han få verdien 0 eller 1 og får følgande sannsynsfordeling:
| 0 | 1 | |
|---|---|---|
Vi reknar ut forventningsverdi og varians og ser at samanhengen vi fann over, gjeld generelt:
Vi lar no variabelen vere talet på suksessar i eit binomisk forsøk med delforsøk. Då har vi at
På same måte som over har vi at
Vi kan no formulere følgande:
Forventningsverdi og standardavvik i ei binomisk fordeling
La vere talet på suksessar i ei binomisk forsøksrekke med delforsøk, kvar med sannsyn for suksess.
Forventningsverdi og standardavvik til er då gitt ved